Hopp til innhold

Smuglarbilar kan vera livsfarlege

– Smuglarar lastar bilen for tungt, og det er livsfarleg. Det meiner Morten Nystuen som er kontorsjef ved tollvesenet i Kongsvinger.

Bil med trøbbel

Denne bilen vart lasta for tungt, og styrestonga knakk.

Foto: Tollvesenet i Kongsvinger

Tungt lasta bil

Mange bilar vert lasta livsfarleg tungt med smuglargods.

Foto: Tollvesenet i Kongsvinger

Med politifolk som skulle klarere grensa om natta, natt til torsdag, så oppdaga dei det dei trudde var ein såkalla forbil. Då politiet køyrte bort til svenskegrensa oppdaga dei ein bil med trøbbel.

– Då me kjem bort dit, så står det ein kassebil eller transporterbil 70 meter inn på norsk side på ein grusveg sørvest for Eda, og der har styrestonga eller forstillinga roke, seier Morten Nystuen som er kontorsjef ved tollvesenet i Kongsvinger.

Han fortel at det eine staget stod nedi bakken, og det var ingen i sjåfør i bilen.

– Det gjekk ikkje an å køyre, og i bagasjerommet fann me 2566 liter øl, fortel han.

Lastar farleg tungt

Bilen stod stille, og blålys var det ikkje bruk for. Nystuen påpeikar at det å laste bilane så tungt som mange smuglarar gjer er farleg.

– Dette er bilar som køyrer på norske vegar, og det er viktig at tollvesenet gjer ein jobb og får tatt desse, seier Nystuen.

– Bilen tolte ikkje vekta av ølen, og det var heldigvis ingen andre i nærleiken når dette skjedde, og slik det er her skulle bilen nesten aldri vore på vegen, legg han til.

– Mange av desse bilane som vert brukte er trafikkfarlege, rett og slett, seier Nystuen til slutt.

Smuglarøl

Heile 2566 liter øl vart funne i ein smuglarbil natt til torsdag.

Foto: Tollvesenet Kongsvinger

Flere saker fra Innlandet