Hopp til innhold

Her smakar dei på rakfisk for fyrste gong

Er rakfisk egentleg godt? Vi lot ungane i rakfiskbyen Fagernes seie si meining!

Barnehagen på Fagernes arrangerer sin egen rakfiskfestival.

– Det smaker godt, er rakefiskdommen frå ein i smakspanelet på Fagernes barnehage.

For somme er det den reinaste delikatesse. Andre meiner lukt og smak er direkte skadeleg for nase og smakslaukar. Uansett; rakfisken er ein matrett som kan vere krevjande å bli vant til.

I rakfiskdalen Valdres startar dei dette tilvenningsarbeidet tidleg.

30.000 rakfiskelskarar

Rundt 30.000 svoltne besøkande er venta til Rakfiskfestivalen på Fagernes som finn stad denne helga. Men den fermenterte er ikkje berre for aldrande ganer, barna vil også ta del i rakfiskfesten.

I Fagernes barnehage har dei i fleire år arrangert Barnas Rakfiskfestival i samband med rakfiskfestivalen i bygda. Her får barna mellom tre og fem år smake på den sagnomsuste matretten.

– Det smaker litt ekkelt og litt sterkt, er dommen frå ein av smakstestarane.

– Det smakar godt og luktar godt, vurderer den langt meir positive sidemannen.

Flere saker fra Innlandet