Hopp til innhold

Slutt for mammografibussen i Oppland

I mars og april køyrer mammografibussen ut til Opplandskvinner for siste gong. Etter det må ein til Lillehammer for å få brystundersøkinga.

Mammografibussen

STOPPAR: Mammografibussen stoppar i vår. Damene som tidlegare har kunne fått brystundersøkinga si her må no reise til Lillehammer.

Foto: Fjell kommune

– Dette var ein trist beskjed å få. Av erfaring veit vi dessverre at når reisevegen blir lang, er det færre som har moglegheit til å nytte tilbodet, seier leiar for mammografiprogrammet Solveig Hofvind i ei pressemelding.

Tidlegare har kvinner i Opplandskommunene Øystre og Vestre Slidre, Vang, Sør-Aurdal, Gran, Jevnaker og Lunner fått besøk av bussen fordi dei bur lengst unna sjukehuset i Lillehammer. Damene på Gran er dei siste som får nytte tilbodet før det blir lagt ned.

Solveig Hofvind

TRIST: Leiar for mammografiprogrammet synest det er trist at bussen legg ned tilbodet og fryktar at færre vel å undersøke seg.

Foto: George Eustice / NRK

Harde prioriteringar

Sjukehuset Innlandet legg ned tilbodet i Vestoppland på grunn av ein krevjande økonomisk situasjon der somatisk sjukehus i Innlandet hadde 100 millionar kronar i minus i 2016.

– Vi måtte finne tiltak for å få eit budsjett i balanse. Mammografibussen har vore eit tilbod mot potensielt friske kvinner og vi prioriterer mot dei sjukaste. Også vil vi bruke helsepersonellet på sjukehusa i staden, seier konstituert divisjonsdirektør, Marianne Berg ved sjukehuset på Lillehammer.

Marianne Berg

ØKONOMI: Ein vanskeleg økonomisk situasjon er grunnen til at mammografibussen sluttar å rulle på vegane i Oppland.

Foto: PRIVAT

Kvinnene får framleis tilbod om brystundersøkinga, men må no reise til sjukehuset på Lillehammer for å gjere det. Ho er klar over at det moglegvis blir færre som vel å gjennomføre undersøkinga når det blir lengre reiseveg.

– Det er beklageleg. Det er ikkje noko vi synest er veldig greitt, men hard prioritering er årsaka, seier ho.

Håpar på nytt tilbod i Valdres

Tor Inge Kristianslund

DÅRLEG NYTT: – I utgangspunktet er det dårlege nyheiter for damene i Valdres, seier Kristianslund. Men no håpar han dei kan få tilbodet på det lokalmedisinske senteret.

Foto: PRIVAT

Kommunelege i Etnedal, Tor Inge Kristianslund har tidlegare jobba for at alle Valdres-kommunane skal få tilbod om mammografi i nærleiken av der dei bur. Han seier det er trist at bussen sluttar å køyre ut, men har samstundes forståing for at Sjukehuset Innlandet legg ned tilbodet.

– Den aller beste løysinga ville vore om det nye flotte lokalmedisinske senteret vårt i Nord-Aurdal kunne fått installert apparatet slik damene i Valdres kunne fått mammografi der, seier Kristianslund.

Det er noko sjukehuset Innlandet faktisk også vurderer ifølge Marianne Berg.

– Vi diskuterer korleis vi kan legge fleire tilbod til dei lokalmedisinske sentera. Det er absolutt noko vi vurderer framover, seier Marianne Berg.

Flere saker fra Innlandet