NRK Meny
Normal

Fleirtalet får ikkje nok hjelp etter rusbehandling

7 av 10 får ikkje tilstrekkeleg hjelp til å meistre tida etter rusbehandling, viser ei fersk spørjeundersøking frå Folkehelseinstituttet.

Solliakollektivet

Øyvind og Reidun Hansen (på benken) var med og starta opp Solliakollektivet. Båe bur framleis på kollektivet, og Reidun er i full jobb som m.a akupunktør og naturterapeut.

Foto: Solliakollektivet

Rune Tore Strøm er nestleiar i Norsk foreining for rus- og avhengighetsmedisin, og han er ikkje overraska over resultatet.

– Rusbehandlinga er et sted for å ete seg opp og ut for å ruse seg mer

–Det har vore ei utfordring over tid, og problemet er å få til eit betre samarbeid mellom institusjon og kommune, seier Rune Tore Strøm.

Rune Tore Strøm

UTFORDRING over tid, seier Rune Tore Strøm, nestleiar i Norsk foreining for rus- og avhengighetsmedisin

Han understrekar at ein ikkje må svartmåle situasjonen, og meiner det er gjort mykje godt arbeid.

–Det er trass alt ein stor del av dei som får det til, seier Strøm.

Strøm meiner at det trass alt går rett veg og er glad for at det i revidert statsbudsjett er bevilga ekstra midlar til kommunane for tettare oppfølging av brukarar som kjem frå døgninstitusjonar.

Halvparten dropper ut av rusbehandling

Positiv utvikling

Solliakollektivet og Risby behandlingssenter er to institusjonar i Oppland som kjem godt ut av undersøkinga.

Dagleg leiar på Solliakollektivet er glad for resultatet i spørjeundersøkinga og seier at den nasjonale brukarundersøkinga er eit viktig verkty for dei.

Mona Haugum er forskar i folkehelseinstituttet og har vore prosjektleiar for den nasjonale spørjeundersøkinga. Det er tredje året ei slik nasjonal undersøkinger gjennomført, og resultata viser ei positiv utvikling over tid.

Mona Haugum

Mona Haugum er forskar i folkehelseinstituttet og har vore prosjektleiar for den nasjonale spørjeundersøkinga.

–Det vi håpar og trur er at spørjeskjema stiller viktige spørsmål som pasientar meiner er viktig i deira situasjon, og så er det eit ynskje om at dei tilsette ved institusjonane kan dra nytte av dei resultata vi presenterer, seier Mona Haugum.

Skårar best på miljø

–Miljøet, aktivitetstilbod og samhandling med andre pasientar er nok dei momenta som kjem best ut, seier Haugum.

Dette har vorte jamnt betre over tid, men Haugum tør ikkje seie om det skuldast undersøkingane eller andre faktorar.

Ex-misbruker kritisk til medisinbruk

Hjelp med fysiske og psykiske plagar og tilfredstillande tilgang til psykolog og lege, er av dei punkta institusjonane skårar dårlegast på.

–Dette er noko ein bør sjå nærare på ute på institusjonane, seier Haugum.

Solliakollektivet

ARBEIDSTRENING er det beste verktyet vi har, seier Bente Skaugerud, kollektivmedarbeider på Solliakollektivet.

Foto: Bodil Skadberg / Sollia

Må føle meistring

Bente Skaugerud er kollektivmedarbeider med behandlingsansvar på Solliakollektivet, ein døgninstitusjon som skårar over landsgjennomsnittet på undersøkinga.

–Vi har fokus på at våre brukarar skal friskgjerast mest mogleg, at dei skal ansvarleggjerast og at vi har mykje brukarmedverknad. Det er nok den viktigaste grunnen til at vi gjer det såpass bra, seier Bente Skaugerud.

Solliakollektivet

Dette er eit medikamentfritt behandlingstilbod. Vi arbeider, eter og bur saman, og det er nok den beste måten til å bygge relasjonar med brukarane på, seier dagleg leiar ved Solliakollektivet Ruth Søderstrøn.

Foto: Bodil skadberg

På Sollia har dei dyr og driv med mjølk og kjøttproduksjon, og brukarane må ta vanlege fjøsvakter som byrjar klokka halv seks om morgonen.

Gull mot rus

–Det er alltid slik at nokre viser meir motstand enn andre, men dei står i det, og dei tenkjer at dette er noko dei må gjennom for å koma seg attende til ein vanleg arbeidsdag og eit rusfritt liv, seier Bente Skaugerud.

–Det er livsviktig at alle som er inne til ei heildøgnsbehandling har nokre gjeremål, har noko å gå til som gjer at dei føler mestring for å styrke sjølvtillit og sjølvbilde, for det kan vera ganske tynslitt med åra, seier Skaugerud.