Tungt, vått og varmt

Løypesjefen trur eliteklassa vil få knallføre, men at det blir tyngre for massene under årets Birkebeinerrenn.

Birkebeineren skistadion

Slik ser det ut på Birkebeineren skistadion fredag formiddag.

Foto: webkamera Lillehammer Olympiapark

I tusenvis av garasjer og kjellarar blir den siste finpussen lagt på birkebeinerskia. Nervøsiteten er stor og det altoppslukande samtaleemnet er vêr og føre.

Og skal ein tru meterologane så vil det bli tungt og tøft over fjellet for dei omlag 16.000 birkebeinarane i morgon.

Ved start på Rena er det varsla varmegrader heile dagen, og når sola gjennom vil det bli påskestemning.

Sjå vêrvarselet for Rena
Sjå vêrvarselet for Skramstadsætra
Sjå vêrvarselet for Sjusjøen
Sjå vêrvarselet for Birkebeineren skistadion

– Det virkar som om Birkebeinerrennet har ein magisk evne til å trekkje til seg mildvêr. Så når sola stikk gjennom, og det skal passere 16.000 løparar så er eg redd for at dei siste kan få litt sleivete spor, seier løypesjef Tor Skraastad.

Vanskeleg å smøre

Han jobba fredag ettermiddag på spreng for å få løypene heilt optimale før helgas renn.

– Vi køyrde opp konkurransespora i går, og akkurat nå er dei faste og fine. Så det blir godt føre for dei raskaste, og vinnartida kjem til å bli god.

Verre blir det for dei store massene som kjem seinare. Og det kan bli ei stor utfordring å treffe med smørninga.

Les: Smøretips til skituren.

Les: Birkenrennet byr på smøreutfordring

– Løypa går frå 290 meter over havet ved starten på Rena og opp til 1000 moh. på fjellet. Så det er gjerne blautt i startområdet før ein møter tørr snø på fjellet, seier Skraastad, som har eit enkelt smøretips til deltakarane:

– Fjern påskesmørninga frå 2009.

– Nok snø

Lite snø i området rundt Birkebeineren skistadion har også bekymra arrangørane.

– Vi hadde ein dugnad med ungdommar frå Åretta ungdomsskule som skuffa på snø, så det skal ikkje bli noko problem.

Og sjølv om det kan bli tungt føre og vanskelege smøreforhold, så trur og håpar han at dei over 16.000 birkebeinarane vil få ein fin tur over fjellet.

– Det blir sol og finvêr og god stemning langs løypa, så da trur vi folk får ein kjempedag uansett.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND