Ein 21-årig asylsøkjar og ein 50 år gamal gatekjøkeneigar i Lillehammer er begge tiltalt etter mordbrannparagrafen.
Det var i slutten av mai det vart sett fyr på to pizzarestaurantar i Lillehammer.
21-åringen innrømte i Sør-Gudbrandsdal tingrett tirsdag å ha tent på restaurantane, og at det var planar om å tenne på ein tredje.
Tele-pizza i Lillehammer vart forsøkt påtent....
Lokka med pengar
Asylsøkjaren jobba for 50-åringen, som på si side nektar å ha hatt noko med brannane å gjera.
Men statsadvokaten meiner 21-åringen handla på oppdrag frå gatekjøkeneigaren.
21-åringen forklarte i retten at han vart lokka med 10.000 kroner for kvar pizzarestaurant han tente på. Han skulle også ha blitt lova å bli innehavar av ein annan pizzarestaurant.
På den måten skulle det bli lettare for han å få opphald i Noreg.
Erkjenner ikkje straffskuld
Innehavaren av pizzarestauranten meiner han ikkje har noko med saka å gjera, det seier forsvararen hans, Sjur Skjævesland.
Skjævesland fortel også at innehavaren har opplevd saka som ein stor belastning.
...det same vart Lillehammer Ristorante og Pizzeria.
Mordbrann
Politiet meiner motivet for brannstiftingane var å kvitte seg med brysomme konkurrentar og auke eiga omsetning.
Begge stadene budde det folk i etasjene over rastaurantane. Dersom brannene hadde fått utvikle seg, kunne menneskeliv ha gått tapt.
Strafferamma for forsøk på mordbrann er fengsel i 21 år, og det er sett av fire dagar til rettssaka.