Om eit år kan Gausdal ha alt frå fem grendeskular til ein storskule med 700 elevar.
To skular er allereie nedlagt i kommunen dei siste åra. Nå kan også tre av dei siste fem skulane bli tomme.
Torsdag har kommunestyret i Gausdal skulestrukturen på sakskartet. Nå er det Østre Gausdal som er tema i kommunestyret, og etter alt å dømme kjem det til å ende opp med ei ny utgreiing, som skal vurdere ei samanslåing frå tre til ein skule i Østre Gausdal.
Bitter strid
Parallelt med kommunestyremøtet blir det mobilisert i både Østre og Vestre Gausdal, i ein bitter strid om kva som er best for ungane.
Leiar for Foreldrenes Arbeidsutvalg ved Engjom skule, Ola Kleiven, seier at dei vil kjempe til siste slutt mot nedlegging.
- Skulestrukturen i dag er bra. Ungar og foreldre er nøgde med dei skulane vi har. Ein stor sentralskule er ikkje noko poeng, og eg har ikkje tru på at ein stor skule er betre sosialt og pedagogisk enn småskular, seier Kleiven.
Ordførar Olav Olstad i Gausdal er positiv til to skular i heile kommunen.
Ordførar positiv til storskular
Tidlegare har eit utval også vurdert om Svatsum skule i Vestre Gausdal bør leggjast ned, og elevane overførast til Forset.
Utvalet vart nesten delt på midten. Ordførar Olav Olstad seier at han i utgangspunktet er positiv til sentralisering.
- Ja, eg er positiv til ein skule i Østre Gausdal, og det ligg godt tilrette for to store skular i heile kommunen, seier Olstad.
Han meiner det ikkje er noko problem om elevar må sitja ein halv time på buss for å koma seg til skulen.
Ein time i buss
Leiar i FAU ved Svatsum, Terje Klungsøyr, meiner at ordføreren driv med rein desiformasjon, og at det særleg gjeld påstanden om ein halvtimes kjøring.
- Frå øvst i Svatsum til Forset er det over ein time å reise kvar veg. Det vil seie at ein stel 360 timar i fritid frå elevane på årsbasis, og eg skulle likt å sjå ordføraren jobbe alle laurdagar og ikkje ta ferie. Så mykje tid tilsvarer dette, seier Klungsøyr.
Han viser også til 3 rapportar som syner at elevar med meir enn 20 kilometer reiseveg til skulen vil få varige helseskadar.
Små skular sårbare
- Små skular er langt meir sårbare enn store, seier skuleforskar Thomas Nordal, ved Norsk Institutt for Oppvekst, Velferd og Aldring.
Nordal meiner det pedagogiske miljøet kan bli betre på ein stor skule enn ein liten.
- Men det er uheldig dersom seksåringane må ta buss to timar kvar dag for å koma på skulen, seier Nordal.