Elevane ved Gausdal kommunale musikkskule bles i gang kommunestyremøtet i går, der politikarane skulle debattere den framtidige skulestrukturen.
Mange følgde spent med på kommunestyret si handsaming av skulesaka i Gausdal.
Trusselen om samanslåingar av skular i Gausdal er stor, og eit utval har sett på mange moglegheiter og alternativ.
Men den betente saka fekk inga avgjerd i går kveld, heller.
Ikkje lett
Kommunestyret vil utrede nok eit alternativ om å slå saman to skular i den øystre delen av kommunen.
Berre Bygdalista var klar på at dei vil halde på dagens struktur.
Men for dei andre politiske partia er det ikkje så lett. Heller ikkje for varaordfører Jan Toft fra Venstre.
Lei for utsetjing
- Eg er lei for at avgjerda blir utsett, men vi aksepterer komitéen sitt ønskje om utsetjing etter reaksjonar frå forskjellige politiske hald, sa Toft.
Engasjert diskusjon kring skulestrukturen i Gaudal.
Stig Melbø frå Framstegspartiet ville ha ei avgjerd i går.
- Vi må vera såpass tjukke i svoren som politikarar at vi tør å ta dei avgjerdene vi trur er rette i dag, for å få til ein fullgod skule i framtida.
Vi må ikkje vedta noko som vi inst inne trur vi må gjera noko med om nokre år, sa Melbø.
Må vente i spenning
I salen satt det over 30 tilhøyrarar som ville vite meir om korleis skulekartet i Gausdal skal sjå ut om nokre år.
Fleire politikarar beklaga at dei ikkje tok nokor avgjerd i går kveld. Men trass i at mange ville, vart saka utsett da ordførar Olav Olstad talte opp stemmene.
Og på benken sat fleire foreldre som nå må leva i enda fleire månader med spenning kring sin grendeskule.
Skuffa
Ola Kleiven, leiar ved foreldreutvalget ved Engjom skule, seier han er skuffa.
- Ja, eg er skuffa. Det har vore ei høyring, og svaret er eintydig; vi vil ha skulestrukturen slik han er.
Terje Klungsøyr, leiar i foreldreutvalet ved Svatsum skule, meiner politikarane må høyre mir på folket.
Det er eit økonomisk problem som ligg bak, og her er det økonomien som styrer. Politikarane treng ikkje koma med fraser om at store skular er betre enn små, for det trur eg ikkje noko på, seier Kleiven.
- Politikarane må ta signala
Leiar i foreldreutvalet ved Svatsum skule , Terje Klungsøyr, meiner politikarane burde høyre meir på folket i denne saka.
- Politikarane i kommunestyret er vald av folket. Når folket og foreldra uttaler seg så bra som dei har gjort her, og seier at vi vil ha skulestrukturen som han er, da bør politikarane ta det signalet, seier Klungsøyr.