og Øystein Røe Larsen
- Det er veldig viktig for miljøet, og viktig for elevane at dei får ordentleg mat. Da yter dei betre på skulen, seier kantineleiar Reidun Haukaas Olsen ved Mesna videregående skole på Lillehammer.
Ho er overraska over undersøkinga, fordi ho veit kor viktig eit godt kantinetilbod er.
(Illustrasjonsfoto)
Lite oppslutning om skulefrukt
Men i den nye undersøkinga frå Fylkesmannen i Oppland står det svart på kvitt. To av tre ungdomsskular i fylket har ikkje eigna kantinelokal. I tillegg er oppslutninga om skulefruktordninga dårleg.
Maten skuleelevane puttar i seg i løpet av ein dag er viktigare enn mange trur.
- Grov mat, brødmat, sunn drikke og liknande betyr veldig mykje for det dei skal prestere heile dagen, seier Haukaas Olsen.
- Kantina ein samlingsstad
Varene gjekk unna og stemninga var høg i kantina på Mesna videregående skole i går. Elevane Gisle Harby og Thomas Granvold er enige med kantineleiaren om kor viktig det er å ha eit godt kantinetilbod.
- Kantina er på ein måte eit sentrum for skulen. Vi samlast i friminutta, og møter folk vi ikkje kjenner. På dagar der ein har det travelt om morgonen, er det godt å koma hit og kjøpe seg mat etter dei fyrste timane. Det er absolutt noko alle burde ha, meiner dei.
- Skremmande
Grete Jøranli er medlem i Ernæringsgruppa i Oppland. Ho meiner det største problemet med manglande skulekantiner er at elevane blir ukonsentrerte.
- Det er skremmande at så mange skular har eit så dårleg kantinetilbod. Da kjøper elevane heller "raskemat" i butikkane, seier Jøranli.
- Men kan ikkje elevane berre smørje matpakka si sjøl, slik vi alle har gjort i mange år?
- Samfunnsutviklinga er blitt slik at det er tida det står på. Kanskje søv ungdommane lenge om morgonen, slik at dei ikkje rekk å smørje niste. Kva er vel betre enn ei god lukt frå kantina om morgonen da, spør Jøranli.