Hopp til innhold

Tusenvis av skuleelevar køyrer buss utan setebelte

Mange tusen skuleelevar sit kvar dag på bussen utan setebelte. Truleg går det 5 år før alle skulebussar har tryggleiksbelter.

På skolebussen

Håkon Rud må sitje usikra i skulebussen 12 kilometer kvar dag.

Foto: Geir Randby / NRK

– Eg hugsar best stemninga etter at vi velta. Det var heilt stille, alle stod og gret, skalv og var redde.

Det seier Håkon Rud, som var med da ein buss sklei av vegen på glatt vinterføre i Ringsaker for tre år sidan. Han og småsyskena køyrer skulebussen i 12 kilometer kvar dag, utan setebelte.

Bussvelt Brøttum 2007

Utruleg nok vart ingen alvorleg skadd da ein skulebuss velta på Brøttum i Ringsaker i november 2007.

Foto: NRK

Krav berre i eit fylke

Og han er slett ikkje aleine. Kvar dag sit tusenvis av skuleelevar usikra i bussen til og frå skulen. Det er nemleg berre eit fylke, Nord-Trøndelag, som har stilt krav om at det skal vere setebelte i skulebussane.

I Hedmark er ca 30 prosent av alle skulebussane utan setebelte, i nabofylket Oppland er talet 15 prosent. Det er ikkje godt nok, meiner bussjåfør Knut Slåttsveen.

– Dersom du skulle velte på sida eller taket så blir det mykje armar og bein om kvarandre. Dersom dei sit fastbunde så kan du løyse ein og ein forsiktig.

Video Tusenvis av skulebarn køyrer buss utan belte

– Jobbar med saka

Fylkesråd for samferdsle og miljø i Hedmark, Svein Borkhus, innrømmer at tryggleiken ikkje er god nok for skuleungane i fylket.

– Så lenge vi ikkje har belte i alle bussar så er den ikkje det.

Han fortel at dei jobbar med å skifte ut bussparken, men at dette er arbeid som kostar mykje pengar og vil ta lang tid.

– Det er fyrst og fremst eit økonomisk spørsmål, og med den utskiftingstakta vi har nå så vil det ta tre til fire år før alle bussane er trygge nok, seier Borkhus.

Nytt lovforslag

Men nå kan fylka bli tvinga til å gjere vegen til og frå skulane tryggare. Det varslar samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Vi vil fremje eit lovforslag der fylka skal krevje setebelte når dei lyser ut nye anbod for skulekøyring. Dette er ei praktisk løysing som vil gjere elevane tryggare.

Men dersom dette lovforslaget går gjennom vil det likevel gå fem år før alle skuleelevar er sikra i norske bussar.

Knut Slåttsveen

Alle skulebussar bør ha setebelte, meiner sjåfør Knut Slåttsveen.

Foto: Geir Randby / NRK

Flere saker fra Innlandet