Ola Ødegaard, Stiftelsen Retteferd for taperne.
Ola Ødegaard i Stiftelsen Retteferd for taperne meiner justisministeren ikkje har følgt opp erstatningssaka for krigsbarna slik Stortinget har bede om.
Dørum varslar meir venting
I dag møtte Ødegaard og krigsbarnorganisasjonane justisminister Odd Einar Dørum.
Justisministeren sa at saka er vanskeleg, og at krigsbarna derfor må rekne med å vente enda ei stund før det blir klart kva slags erstatningsordning regjeringa vil koma fram til.
Justisminister Odd Einar Dørum. (Foto: Scanpix)
Skuffa leiar
Ødegaard var skuffa etter møtet som han meinte ikkje førte saka vidare.
- Det einaste som vart bestemt i dag var at vi skal ha eit nytt møte med justisdepartementet i januar, seier Ødegaard.
Stortinget hadde tidlegare sagt at saka skulle vera ferdig handsama i 2003.