Hopp til innhold

Vil utvikle nye spel for å få meir pengar

Norsk Tipping strevar med å betale ut nok pengar til idrett og kultur. Nå vil dei utvikle nye spel for å auke omsetjinga.

Video Skrale tider for Norsk Tipping

Ved Ankerskogen symjehall blir det bygd ut eit enda betre tilbod ved hjelp av tippepengar. Det kan bli verre å få ut støtte frå Norsk Tipping i framtida.

– Her byggjer vi ny velværeavdeling med terapikulp og badstue. Vi skal også ha eit nytt 25 meter langt basseng, og på nordsida bygger vi ny familieavdeling.

Ved Ankerskogen symjehall kan marknadssjef Tore Neby fortelje om ei storstilt utbygging, mellom anna ved hjelp av spelepengar frå Norsk Tipping.

Må vente i tre år

Men dei komande åra kan det bli enda vanskelegare å få bygd idretts- og kulturanlegg med hjelp av tippepengar.

VG kan i dag fortelje at Norsk Tipping strevar med å levere nok pengar til kultur og idrett. Hundrevis av klubbar har fått godkjent sine søknader om spelemidlar, men det tek fleire år før pengane står på konto og kan nyttast.

Ifølgje avisa har staten godkjent søknader på over to milliardar kroner, men klubbane må vente i gjennomsnitt tre år før dei får pengane.

Deler ut meir enn dei har

Årsaka er ganske enkel, Norsk Tipping har ikkje nok pengar. Dei skal levere drygt 3,4 milliardar kroner i året, det har dei ikkje vore i nærleiken av dei siste åra. Tidlegare har dei henta pengar ut av deira investeringsfond, det er nå i ferd med å bli tømt.

– Vi må leggje oss i selen for å lage nye spel og auke omsetjinga og overskotet. Slik kan vi klare å nå det målet som Stortinget har bestemt, seier kommunikasjonsdirektør i Norsk Tipping, Einar Busterud.

Men dei har allereie varsla sin eigar, Kulturdepartementet, om at dei har ei utfordring med å betale det dei er pålagt dei neste to åra. Det betyr at det truleg vil bli enda meir venting for dei som vil byggje idrettsanlegg og kulturhus rundt om i landet.

Byggearbeid Ankerskogen svømmehall

Byggjearbeid ved Ankerskogen symjehall.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Fleire og dyrare prosjekt

Per Gunnar Sveen er fylkesråd i Hedmark fylkeskommune, og er blant dei som behandlar søknadene om tippemidlar. Han fortel at dei får stadig fleire ynskje om tippepengar, og at prosjekta blir stadig dyrare.

– For fem år sidan behandla vi 100 søknader i året i Hedmark, nå har vi 136 inne til behandling. Slik det er nå så tek det omtrent fire år før pengane kjem, seier Sveen.

Han fryktar at det kan ta enda lenger tid i framtida, dersom ikkje Norsk Tipping klarar å få inn meir pengar.

Einar Busterud i Norsk Tipping er klar på at det einaste dei kan gjere er å finne på nye produkt, slik at dei får auka omsetjinga.

– Vi kjem med onlineodds, slik at du kan spele under kampen. Vi vil også kome med nye lotteri, og det vil kome fleire nye produkt frå Norsk Tipping.

Flere saker fra Innlandet