Hopp til innhold

Kamma-trenaren trur på Kongsvinger

NRK har bede alle 1. divisjons-trenarane tippe kven som rykkjer opp. HamKam-trenar Vegard Skogheim bannar i kyrkja ved å trekkje fram Kongsvinger som opprykksfavoritt.

Ola Brenden, Per Brogeland og Vegard Skogheim.

Ola Brenden, Per Brogeland og Vegard Skogheim leiar kvart sitt 1. divisjonslag frå Hedmark.

Det har vore meir fokus på pengar enn poeng for dei tre lokale fyrstedivisjonslaga det siste året.

Både Kongsvinger, HamKam og Nybergsund har vore det berømte håret frå konkurs, men har klart å skrape saman såpass med kroner at dei får stille lag i årets fyrste divisjon.

Skogheim trur på gamleklubben

Og når NRK ba trenarane tippe kven som vil rykke opp frå årets 1. divisjon så var det HamKam-trenar Vegard Skogheim som nok kom med den største brannfakkelen.

– Hønefoss og Kongsvinger rykker opp, tipper Skogheim, vel vitande om at KIL ikkje er det mest populære laget blant HamKam sine fans.

– Er dei heldige og unngår skader på sine beste spelarar så har dei eit godt lag. Og dei fekk erfaring frå eliteserien i fjor som vil vere fin å ta med seg inn i 1. divisjon.

– Kan slå alle

Skogheim har altså tru på gamleklubben, men når det gjeld hans kjære HamKam, som rykka opp frå 2. divisjon i fjor, er han meir nøktern.

– Eg trur at vi på vårt beste kan slå alle, og på vårt dårlegaste kan vi tape mot alle. Det er mange lag i divisjonen som er i same båten, og det blir jamnt, spår Kamma-trenaren.

Han peikar på at dei har satsa på unge, lokale spelarar etter at dei rykka ned i 2. divisjon i 2009, og at dei derfor må rekne med å svinge i prestasjonane.

– Vi har hatt bra resultat i treningskampane, men det er ikkje gjeve ut noko poeng enda. Men vi må ta med oss sjølvtilliten og trua på det vi driv med vidare inn i seriespelet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Pengar og poeng

Som allereie nemnt har mangel på pengar vore vel så prekær som mangelen på poeng for dei tre Hedmarksklubbane det siste året.

Det er tydeleg at det er ein ny og tøffare kvardag, der pengane på langt nær sit like laust som tidlegare. Dette pregar også den sportslege satsinga.

– Har du pengar får du lettare tilgang til gode spelarar. Vi har ein tynn stall, og har satsa på fleire unge lovande talent enn tidlegare, seier Nybergsund-trenar Ola Brenden.

Han peikar på at det er ein stor prestasjon å etablere eit lag på nest øvste nivå frå Trysil.

– Det er litt naturstridig at vi er der vi er, så vi må vere førebudd på at vi kan hamne i 2. divisjon ein eller annan gong. Men målet er at vi skal spele 1. divisjon også i 2012.

Sei di meining nedst i saka!

– Ikkje noko press om opprykk

Også på Gjemselund er økonomien vel så viktig som det sportslege før attendekomsten til 1. divisjon.

– Det viktigaste er å få ein klubb som er oppe og går og fungerer. Vi vil vere ein klubb som står på fast grunn, og det er ikkje noko stort fokus på at vi skal rykke opp, seier den nygamle KIL-trenaren Per Brogeland.

Han er klar for si tredje periode som trenar i klubben, og trur, i likskap med andre forståsegpåarar, at årets 1. divisjon blir jamn og tett, der alle kan slå alle.

– Det er ingen klare opprykkskandidatar, slik eg ser det kan 5-6-7 lag vere med og kjempe. Vi håpar at Kongsvinger kan vere ein av dei, men det er ikkje slik at vi på død og liv må rykke opp att.

Slik trur 1. divisjonstrenarane at det går sesongen 2011:

Slik tipper 1. divisjons-trenerne

 

Hvem rykker opp?

Hvem rykker ned?

Hvordan går det med eget lag?

Alta - Rune Berger

Hønefoss og Bodø/Glimt

Vil ikke tippe

Et sted mellom 4. og 10. plass

Asker - Gaute Larsen

Sandefjord og Hønefoss

Vil ikke tippe

Etablere seg rundt midten av tabellen

Bodø/Glimt - Kåre Ingebrigtsen

 Vil ikke tippe

Vil ikke tippe 

Bli bedre enn 2010 

Bryne - Tommy Bergersen

Sandefjord, Hønefoss eller Bodø/Glimt

 Vil ikke tippe

Topp 6

HamKam - Vegard Skogheim

Hønefoss og Kongsvinger

Vil ikke tippe

 Beholder plassen i 1. divisjon

Hødd - Lars Arne Nilsen

Hønefoss, Bryne, Kongsvinger eller Bodø/Glimt

Resten av lagene kan rykke ned

Beholder plassen i 1. divisjon

Hønefoss - Leif Gunnar Smerud

Vil ikke tippe

Vil ikke tippe

Vil ikke tippe

Kongsvinger - Per Brogeland

 Ikke svart

 Ikke svart

 Ikke svart

Løv-Ham - Arne Sandstø

Sandefjord og Hønefoss

Vil ikke tippe

Mellom 4. og 8. plass

Mjøndalen - Vegard Hansen

Sandefjord og Hønefoss

Randaberg, Hødd, Nybergsund og Ranheim

Midt på tabellen

Nybergsund - Ola Brenden

Sandefjord og Bodø/Glimt

Randaberg, Hødd, Alta og Asker

Beholder plassen

Randaberg - Thomas Pereira

 Sandefjord og Løv-Ham

 Mjøndalen, Hødd, Nybergsund og Alta

Mellom 9. og 12. plass 

Ranheim - Aasmund Bjørkan

Hønefoss og Sandefjord

Vil ikke tippe

Etablerer seg som stabilt 1. div. lag

Sandefjord -  Patrick Walker

Hønefoss og Sandefjord

Asker, Sandnes Ulf, Randaberg og Ranheim

Opprykk

Sandnes Ulf - Asle Andersen

 Sandefjord og Bryne

Vil ikke tippe 

Beholde plassen 

Strømmen - Thomas Berntsen

Sandefjord og Hønefoss

Ca ti lag er jevngode - helt åpent!

Være blant de ti beste - etablere seg i 1. div.

Ekspander/minimer faktaboks

Flere saker fra Innlandet