Hopp til innhold

Vanskeleg å ta seg fram til skogbrann. Hyttenaboar sløkte

Brannvesenets vanskar med å ta seg til brannen nordaust for Isteren i Engerdal, gjorde at naboar måtte sløkke. Innsatsen til privatpersonar forhindra ein større skogbrann.

Skogbran Engerdal

Brannvesenet vart varsla om brannen ved tre-tida laurdag ettermiddag.

Vaktleiar for Alarmsentral Brann Innlandet, Erik Sørhagen, fortel at det var vanskeleg å ta seg inn til området, som ligg nordaust for innsjøen Isteren i Engerdal.

Naboar sløkte brannen

Litt over klokka fire hadde sivilforsvaret og brannvesenet framleis ikkje kome seg til den 250 kvadratmeter store skogbrannen. Men hyttefolk i nærleiken hadde fått kontroll over situasjonen,

– Naboar og hytteeigarar har gjort ein kjempeinnsats og sløkt brannen med bøtter og spann, fortel vaktleiaren, og understrekar at dei har forhindra ein større skogbrann.

Sette inn skogbrannfly

Brannvesen og sivilforsvaret tek seg til området med båt, og vil fortsette med ettersløkking så fort dei er på plass.

Det var ikkje sett inn brannhelikopter i arbeidet, slik som politiet fyrst melde, men eit skogbrannfly som var oppe i lufta vart omdirigert til Engerdal for å skaffe meir informasjon rundt brannen.

Sørhagen fortel at dei ikkje har nokon meining om brannårsaka.

Flere saker fra Innlandet