Skisenteret tek dommen som fell mot ein 32 år gamal trakkemaskinførar i Nord Gudbrandsdal tingrett i går til etterretning.
Men dagleg leiar i Bjorli Skisenter, Erik Slettahaug, krev nå betre retningsliner frå styresmaktene for tryggleik i skianlegg.
Fireåring døydde i alpinbakken på Bjorli. (Foto: (Andreas Brekken/Scanpix)
Klarare retningslinjer
Han vil rett og slett ha klarare retningslinjer på kva som er lov og ikkje lov i eit skianlegg.
- Når det er vegtrafikklova som gjeld, burde det for skianlegg likeeins som for andre område lova gjeld, koma bestemmingar med heimel i lov eller forskifter.
- Slik kan både eigarar, drivarar og andre tilsette ved eit skianlegg veta klart kva dei har å forhalde seg til, seier Slettahaug.
Får behalde jobben
Den 32 år gamle trakkemaskinføraren som vart dømt til 10 månadar i fengsel i Nord-Gudbrandsdal tingrett i går, mistar ikkje jobben ved Bjorli skisenter.
I følgje dommen mistar trakkemaskinføraren førarkortet i 3 år.
Slettahaug seier han nå vil finne andre arbeidsoppgåver til den dømte 32-åringen, sidan han ikkje kan kjøre motorkjøretøy.
Erstatningskrav
Foreldra til den 4 år gamle jenta som vart drepe av trakkemaskina vurderer å reise erstatningskrav mot Bjorli skisenter.
- Skisentret må ta ein del av ansvaret for dødsulykka i alpinanlegget i påska, seier familien Osborg sin bistandsavokat, Reidar Andresen.
Storleiken på erstatningskravet familien vil be om blir avgjort innan 1. desember.