Ein gong var Skibladner den raskaste båten i Norge. Johansen si utgåve av hjuldamparen får aldri kasta fortøyingane, men vil halde seg fast mellom brystvortene.
- Det var ikkje akkurat heimlengselen, men, seier Bjørn Erik Johansen. Han har sjølv teikna bildet av den kvite svana som han nå har tatovert på bryskassa.
Unikt
Han har vakse opp i Gjøvik, men er nå busett i Græstorp i Sverige. Men minna frå heime har han med seg kvar dag, - han kan berre ta ein titt ned dersom heimlengselen skulle melde seg.
- Her synker ikkje Skibladner, ler Johansen.
Bjørn Erik Johansen. (Foto: Bjørn J. Johansen)
- Eg hadde ein gammal draum om ei tatovering, og ville gjerne ha noko som ingen andre hadde, forklarar han.
Tatovøren kom frå Amerika og hadde aldri sett hjuldamparen, men Johansen teikna sjølv Skibladner ut frå eit postkort.
Kona litt i tvil
Den tatoverte utgåva av Skibladner er i fire fargar. Du ser svana koma frå tordenvær og inn i solsteiken, og det var ei komplisert oppgåve å tatovere hjuldamparen på brystkassa til Johansen.
- Det er nesten berre eg sjølv som får glede av det, da men, ler han. Men han innrømmer at han har meir enn ein gong synt fram stoltheita og fleire bilder har det blitt.
Men kona kan styre begeistringa si.., innrømmer Bjørn Erik Johansen.
7.500 kroner kosta den tatoverte utgåva av Mjøsas kvite svane.
Ingen heimlengsel
I 1971 reiste Bjørn Erik Johansen frå Hunnsvegen på Gjøvik til Sverige. Her jobba han i mange år som sveisar, blant annet ved Saabfabrikken i Trollhättan.
Sambandet med heimbyen Gjøvik heldt han vedlike ved å pryde brystkassa med den eldste hjuldamparen i Norge.
Inne i ei ramme av tau er ho, namnet står øvst, og nedst det året ho møtte vatnet for fyrste gang, - 1856.
- Her om dagen hadde eg ein kar på besøk, han var frå Drøbakk og naturleg nok byrja vi å prate om både Mjøsa og Oslofjorden, om små og store båtar, og det endte med at eg nemnte Skibladner. Noko bilde hadde eg ikkje, men på brystet har eg jo båten i flere fargar.
- Derfor var det berre å vrenge av skjorta, og der skovlar ho.., ler gjøvik-svensken Bjørn Erik Johansen.