Hopp til innhold

Ski-NM blir miljøfyrtårn

Ski-NM på Gjøvik blir historisk - som landets første miljøfyrtårn-klarerte vinterarrangement.

Ski-NM på Gjøvik.

Henry Hoel er ein av omlag 330 frivillige som stiller opp for ski-NM, landets første miljøfyrtårn-klarerte vinterarrangement.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

NM-general Tor Berge seier at dette inneber at dei vil legge stor vekt på energiforbruk, avfallshandtering og andre miljøkonsekvensar ved arrangementet.

Ski-NM startar på Vind skistadion på Gjøvik torsdag formiddag. Dei første konkurransane er 10 km klassisk for kvinner og 15 km klassisk for menn.

Tidlegare denne veka måtte NM-arrangørane slite med mildveret .

Skal lære opp publikum

- Det ein vil sjå er at det på arenaen blir mykje sortering av avfall. Vi har stilt krav til leverandørane våre, og vi kjem og til å vera bevisste på korleis vi transporterer folk opp til arenaen, seier Tor Berge. Det blir sett opp faste bussar i rute mellom byen og skistadion heilt øverst i byen.

- Vi kjem til å bruke storskjermen på arenaen til å drive miljøopplæring av både unge og gamle, seier NM-generalen.