Hopp til innhold

– Har ikkje fått gnagsår enda

SKYBERGTOPPEN, GJØVIK (NRK): 23 år gamle Andreas har fått draumejobben: I eitt år skal han vandre rundt i norsk natur og prøve fjellsko.

Mobilbilde fra Bidra

DRAUMEJOBBEN: Andreas Orset synest sjølv at han har fått draumejobben.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Da skoprodusenten Alfa på Jaren på Hadeland søkte etter arbeidskraft med den pirrande tittelen «eventyrar», var responsen enorm. 1030 eventyrlystne personar melde seg til teneste, til slutt var det 23 år gamle Andreas Orset frå Ski som fekk jobben.

Denne veka la han ut på sin fyrste betalte fjelltur, sjølvsagt frå Eventyrbrua i Oslo, ut i den norske fjellheimen.

– Jobben går ut på å gå rundt i norsk natur og teste sko, samtidig som eg syner fram Noreg som eit turland.

Går ei til to mil om dagen

Vi møter han i skogen nokre kilometer vest for Gjøvik, der han har sove i natt. Som ivrig turgåar med bakgrunn frå militæret, er han meir enn klar for å vere ute i naturen eit heilt år.

23 år gamle Andreas Orset er sendt ut i naturen med fjellsko og ryggsekk for å syne fram kor bra turland Noreg er.

– Den fyrste veka har vore veldig bra, men veldig våt. Eg har vore gjennomblaut heile tida, men det er herleg å kome i gang. Eg har gleda meg lenge.

Den fyrste turen går frå hovudstaden og opp til Eidsbugarden i Jotunheimen der fjellrock-festivalen Vinjerock blir arrangert.

– Den turen skal ta tre veker. Eg går ei til to mil om dagen, da får eg verkeleg nytt turen.

– Kva gler du deg mest til?

– Eg gler meg mest til alle naturopplevingane, det vil bli utruleg mange flotte augneblink i løpet av året.

Skal inspirere andre

Administrerande direktør i Alfa sko AS, Pål Olimb, seier at dei har leita etter ein person med ei sterk friluftsinteresse som samtidig har ei god formuleringsevne. Med på laget er også organisasjonen Norsk Friluftsliv og Visit Norway.

– Målet med denne stillinga er å spreie turglede og få fleire folk ut på tur, seier Olimb, som nok også har eit håp om at merksemda dei får skal auke skosalet.

Så er spørsmålet korleis det står til med føtene etter ei veke med skotesting for eventyrar Andreas Orset?

– Eg har ingen gnagsår enda. Det gjeld å pleie føtene godt, så går det bra.

Flere saker fra Innlandet