Les at Transportarbeiderforbundet lovar dispensasjon for helseinstitusjonane.
Kjøkensjef Nina Simensen, på sjukehuset i Kongsvinger, stadfestar at dei ventar på matvarer.
Sykehuset Innlandet har søkt dispensasjon frå streiken, og i følgje NTB har alle helseinstitusjonar som har søkt fått dispensasjon.
Lillehammer treng mat
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon jobbar på spreng for å gå gjennom alle søknadane.
Også på sjukehuset i Lillehammer ventar dei på mat. Til Nettavisen seier kjøkensjef Rolf Finnkroken at dei klarar seg denne veka, men må få mat neste veke.
Kjøkensjef Simensen i Kongsvinger seier dei også har nok mat inntil vidare, men må endre menyen i helga. Dersom maten heller ikkje kjem måndag, blir det store problem for sjukehuset.