Det var 16. februar i fjor at Audun Bøland vart drepen på Valdresekspressen, etter at han fekk stoppa bussen han køyrde med mange passasjerar i. Ein etiopisk asylsøkjar gjekk amok og drap Bøland med kniv. Men han slapp fengselsstraff og slapp å betale erstatning til familien fordi han var sinnssjuk. Han vart dømd til psykiatrisk terapi som straff.
- Misser respekt
Transportarbeidarforbundet i Oppland reagerer sterkt på dette. I går avgjorde familien at dei ikkje ankar saka til Høgsterett.
- Ein misser totalt respekten for det norske rettssystemet når ein ser korleis folk blir behandla, meiner dei.
Foretningsførar i Oppland Transportarbeidarforbund, Reidar Belgum har mista trua på rettssystemet, fordi han meiner ingen blir stilt til ansvar i denne saka.
Han seier han forstår familien til Audun Bøland som no gir opp kampen.