Kongeparet var måndag i Øystre Slidre for å sjå på den heilt nye Rogne skule. Blant dei fyrste som fekk helse på det spreke kongeparet var 10 år gamle Sigrid.
– Kongen var ein hyggeleg kar, det var kult å treffe han, sa ho til nrk.no etter at ho hadde levert den obligatoriske blomsterbuketten.
Moderne skule
I si tale understreka kongen at å opne skular er blant det viktigaste han held på med.
– Det er barna som er framtida. Å investere i deira kunnskap er det mest fornuftige vi gjer, sa kong Harald.
Han understreka også nok ein gong kor bra han hadde det under sitt opphald i Valdres.
– Dronninga og eg opplever ei utruleg flott reise denne dagen.
– Kjem til å hugse det lenge
For Sigrid, som fekk levere blomar til kongen, vart det også ein heilt spesiell dag. Ho seier at ho kjem til å hugse denne dagen lenge. Og kommunikasjonen med kongen var god.
– Han spurde oss kva vi heitte, og om vi hadde grua oss til å møte han.
– Kva sa du da?
– Eg måtte innrømme at vi grua oss litt, men det var veldig fint at han ville kome, seier Sigrid Warberg Vestheim.