Hopp til innhold

– Må sjå på Birken som 50 sprintrenn

Øystein Pettersen meiner det er viktig å sjå på birken som 50 sprintrenn. – Og eg er jo trass alt ganske god til å gå sprint.

Video NRK1: Sportslørdag 17.03.12

Sjå Birkebeinerrennet direkte

Øystein Pettersen

Øystein Pettersen gler seg til birken, til trass for at han er den einaste i eliteklassa med papirnummer...

Foto: Joar Elgåen / NRK

Øystein Pettersen er blant dei mange toppløparane som har teke plass i eliteklassa under årets birkebeinerrenn. Han meiner det er viktig å gløyme at det er over fem mil over fjellet.

– Eg må sjå på det som femti sprintprologar. Og eg er jo ganske brukbar i sprint, så får vi sjå kor mange sprintar eg held. Eg er litt usikker på korleis det blir å gå så mange på rad.

– Heldt på å stryke med i fjor

Med 16.000 til start meiner Pettersen at det må vere nokon som er enda dårlegare førebudd enn han, og at det blir ei god trøst over fjellet.

– Eg gjekk i fjor og heldt på å stryke med, så da var det ingen grunn til å ikkje melde seg på i år. Planen er å kome seg opp i front og bremse feltet. Men eg vart litt skuffa da eg såg at det var fleire enn eit spor.

Høyr heile intervjuet med Øystein Pettersen.

Spørsmålet er om det er ein taktikk som vil klare å halde langløpskanonane bak heilt til mål. Ved sidan av Pettersen på start står ein som nok må reknast som ein langt større favoritt til å vinne. Jørgen Brink vann Vasaloppet, og vil gjerne også vinne birken.

– Eg vart nummer to i fjor, så eg vil gjerne vinne. Men eg kjenner meg ikkje i toppform, det har vore lite trening og mykje anna etter Vasaloppet.

Skuffa over startnummeret

Den elles så optimistiske og positive Øystein Pettersen fekk seg ein liten nedtur da han kom til start.

– Eg er den einaste som har fått papirnummer, alle andre har ordentlege startnummer. Så eg er litt snurt og det er dårleg stemning.

Han prøvar likevel å snu nedturen til noko positivt, for eit dårlegare startnummer enn dei andre gjev ei god unnskyldning dersom det går dårleg.

–Det går jo ikkje an å gå fort med papirnummer. Det er organisk og dersom eg brukar meir enn fire timar så smuldrar det opp, så det er eit tidspress.

Flere saker fra Innlandet