Det er stor interesse for fritidsleilegheiter i Øyer.
På 72 timar selde finansmannen Arthur Buchardt alle dei 48 leilighetene sine på Ilsetra hotell i Hafjell.
Kvar leilighet kostar rundt 1,2 millionar kroner, og samla salssum er 60 millionar kroner, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
Vilkår
- Det er høg kvalitet, ligg fint til og har ein for låg pris. Slik forklarar Arthur Buchardt at han kunne selje 48 leilegheiter på 72 timar.
Men dei som kjøper eig ikkje leilegheitene heilt likevel. Buchardt har nemleg rett til å låne att hyttene og leige dei ut til andre. Men dei som nå har kjøpt seg leilegheit har i det minste eksklusiv rett til å bruke dei i høgsesongen.
Buchardt blir
Finansmannen avviser at han er i ferd med å trekkje seg ut av Ilsetra.
- Poenget er å frigjera kapital, og sørge for at hotellet er fullt heile året, forklarar Buchardt.
Buchardt skal framleis drive hotellet på Ilsetra, og kjem altså til å leige romma av dei nye eigarane.
Hafjell