Hopp til innhold

Sein påske fører til dekkdilemma

Den seine påska kan føre til at mange reiser på påskefjellet med feil dekk. – Det kan vere livsfarleg, meiner vegvesenet, som oppmodar folk til å skifte dekk ein ekstra gong i år.

Dekkskifte

Pigg eller ikkje pigg - det er spørsmålet. Den seine påska kan føre til at mange reiser til fjells med feil dekk.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Det er duka for eit aldri så lite dekkdilemma for tusenvis av norske påskefjellvandrarar. For medan sol og varme er i ferd med å tine opp vegane i lågtliggjande strok, er det framleis is og snø på påskefjellet.

– Ingen må dra på påsketur med sommardekk, heller ikkje dersom det er berre vegar før ein reiser. På fjellet snur det fort, åtvarar Torleiv Haukenes i Dekkmann i ei pressemelding.

– Farleg med vinterdekk på berr veg

Men det dukkar opp fleire utfordringar for folk som vil opp i fjellsola i påska. Det er ei kjent sak for dei fleste at det kan vere skummelt å køyre med sommardekk på vinterføre.

– Men det er heller ikkje bra å køyre med vinterdekk på berre vegar, særleg ikkje dersom temperaturen er høg. I tillegg blir dekka ekstra slitt, noko som er lite miljøvenleg, seier Haukenes.

Så kva skal ein da gjere, når ein ikkje bør køyre med sommardekk på påskefjellet, og heller ikkje bør køyre med vinterdekk på berr veg?

– Viss du køyrer på berre vegar i kvardagen, men skal til fjells i påska, bør du vurdere å skifte dekk ein ekstra gong akkurat i år, er oppmodinga frå NAF og Dekkmann.

– Livsfarleg med feil dekk

Også Vegvesenet fryktar at påskefjellet blir fullt av feilskodde turistar.

– Eg er bekymra for at mange tek sjansen på å leggje om når det er så vårleg. Ein må tenkje på at det plutseleg kan slå om, og da kan det vere livsfarleg å køyre rundt med feil dekk, seier leiar i trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen region aust, Kjell Seim.

Han peikar også på at det kan vere eit alternativ å leggje om ein ekstra gong i år.

– Men har ein piggfrie dekk så slepp ein dette, og det er heldigvis mange som køyrer rundt med det, seier Seim.

Nordlendingane må legge om fyrst

Som dei fleste har lært så er det månen som avgjer kva tid vi skal feire påske, og i år har månen bestemt seg for å vere full på eit tidspunkt som gjev oss usedvanleg sein påske.

Samtidig er det også slik at tidspunktet du må legge om til vinterdekk følgjer påska. Ifølgje vegvesen.no må du bytte ut piggdekka innan fyrste måndag etter påske, noko som i år er 2. mai.

Folk i Nordland, Troms og Finnmark har derimot eigne reglar, noko som paradoksalt nok gjer at dei må leggje om seinast 1. mai, dagen før folk i Sør-Noreg.

– Det viktigaste er uansett at ein brukar sunn fornuft. Skal ein køyre i eit område der det kan vere snø så må ein vere skodd for det, seier Kjell Seim i Statens vegvesen.

Flere saker fra Innlandet