NRK Meny
Normal

Sauedrap i jerveområde

Jerven tok 18 gonger så mange sauer i Innlandet i fjor enn det ulven gjorde. Det viser tal som NRK Hedmark og Oppland har samla inn.

 

 

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

I Lesja er over ti tusen sauer tatt av jerv det siste tiåret. Likevel blir stadig fleire sauer sendt ut i utmarka i kommunen.

I Grue derimot må bøndene kanskje sende sauene sine på beite 20 mil unna.

 

For store tap

På ti år er talet på rovdyrerstatningssaker i Lesja nær fordobla. I fjor betalte fylkesmannen erstatning for 1300 jervedrepne sauer i kommunen. Tala viser at sju prosent av sauene som vart sleppte på fjellet i Lesja, vart jervemat.

- Sauetapa våre er for store.  Det seier sauebonde og senterpartipolitikar i Lesja, Kari Selsjord.

Likevel held sauebøndene fram med å sende dyra sine til utmarksområde der det er jerv, det blir faktisk stadig fleire sauer i fjellet i Lesja. I fjor var det nærmare 19 000, og tala har auka jamnt.

Må sende sauene 20 mil

Samtidig som det er fritt fram for sauer i utmarka i Lesja, må bønder i Grue kanskje sende sauene sine til utmarksbeite over 20 mil unna, trass i at ulven tar langt mindre sau enn det jerven gjør.

Tala viser at berre i Lesja tok jerven tre gonger så mange sauer som det ulven tok i heile Hedmark i fjor.

Likevel kan sauebønder i Grue bli tvinga til å sende sauene på beite til Hummelfjell, tretti mil unna. Forskjellen på Lesja- og Gruebøndene er underleg, meiner Grue-bondeMagne Fjeldseth.

Gunstid erstatningsordning 

 Rovviltkonsulent hos Fylkesmannen, Harald Klæboe, peikar på at erstatningsordninga er med på å halde oppe sauedrifta i rovdyrområder. Erstatninga for ein sau er høgare enn slakteprisen på eit dyr som overlever. 

Sauebøndene i Lesja har dei siste åra mottatt tilsaman om lag to millionar kroner i året i erstatning. Fylkesmannen opplyser at enkelte brukarar i lengre tid har fått årvisse erstatningar på over 100 000 kroner.