(Foto: NRK)
Måndag kveld møttest 25 sauebønder i Grue for å diskutere kva dei skal gjera med sauane sine neste sommar.
I år har det vore rekordstore rovdyrtap, og derfor vart dei fleste sauane sanka tidleg på sommaren.
Slik fryktar bøndene det at blir også neste sommar.
Måtte sanke
Allereie i byrjinga av juli var 100 av 1.500 sauar i Grue drepne av ulv.
Etter eit møte med Fylkesmannen i Hedmark vart det klart at viss sauebøndene ikkje ville miste fleire dyr måtte dei byrje sanke sauane. Det gjorde dei fleste av bøndene, og dei fekk dekka kostnadane ved å gjerde inn sauane.
Misførnøgde med tilskotet
Sauen beiter på utmark om sommaren for å spare graset på innmark til vintermat. Derfor fekk saueeigarane også erstatning for tapt vinterfor.
Nå er spørsmålet kva dei skal gjera neste sommar.
Dei fleste er einige om at viss saueeigarane vil unngå rovdyrtap må dei halde sauen på innmark heile sommaren.
Seks kroner dagen for kvar sau får sauebøndene i erstatning frå Fylkesmannen for å halde sauen på innmark. Ikkje alle er like fornøgde med den prisen. Dessuten må både potet- og kornåkrar ofrast for å gje plass til sommarbeitande sauar.