NRK Meny
Normal

Satsar på sæterdrift

Hans Brimi i Lom vil satse på den lokale smaken. Under årets Gardmillom opner han sætra for publikum. Eit nytt blad Brimi gjev marknaden eit nytt, lokalt matkonsept.

Brimi Sæter satser lokalt.
Foto: Pål Hovengen Plassen / NRK

- Rauosten må bli produsert i Gudbrandsdalen. Berre på den måten vil produktet behalde sin truverde, seier Hans Brimi(30).

Han er ein av 12 gardar som i desse dagar opner sin fjellgard for publikum. Han ivrar for at fleire skal få kjennskap til det som er norsk, og han meiner det ligg uante moglegheiter i å satse på norske produkt.

Lære av Europa

- Eg ser nok ikkje med like stor skepsis på EU og WTO som mange andre. På reiser i Europa har eg sett at bønder i f.eks. Frankrike er svært så flinke til å halde på lokale tradisjonar. Dei har ei heilt unik stoltheit i det dei gjer. Det er fascinerande å sjå, seier Brimi.

Han meiner nordmenn kan lære mykje av europearane.

- Vi har fått store kunnskapar frå dei når det gjeld nisjeprodukt. Tine og Gilde har gjort mykje bra for norsk landbruk, men det er ei fare med at alt blir for likt. Dessutan er det ikkje bra at rauosten (Gudbrandsdalsost, red.anm.) ikkje blir produsert i Gudbrandsdalen. Da misser produktet rett og slett til si truverde, meiner Brimi.

 

Hans Brimi på Brimi Sæter
Foto: Pål Hovengen Plassen / NRK

Pedagogisk sæter

Frå hektisk byliv som kokk i Trondheim, gjer Hans Brimi nå alvor av draumen om å bli fjellbonde og matprodusent på heiltid. I hop med sambuaren Ola Tangvik vil Brimi slå seg frem med nisjeprodukt frå den norske fjellheimen.. 30-åringen satsa på gardsturisme, rømme og ikkje minst ost.

Her kan publikum følgje prosessen frå ku til ost. Det ligg ei pedagogisk tankegang bak måten sætra er bygd opp på, og det er sett inn store panoramavindauge får ein med seg alle detaljer. Alt innafor ysting og produksjon blir gjort slik som Brimi har lært det av erfarne budeier.

 

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND