Hopp til innhold

Sannvoll på kongelaget

Tidenes yngste skyttarkonge er den einaste lokale som klarte å skyte seg inn på Kongelaget under Landsskyttarstevnet på Elverum.

Kristoffer Sannvoll

Kristoffer Sannvoll ligg på skive 5 i Kongelaget klokka 17.30 i morgon ettermiddag.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Kristoffer Sannvoll frå Åsnes skaut 246 poeng, og får med det skive 5 når dei beste skyttarane i landet samlast i Kongelaget klokka 17.30 torsdag ettermiddag.

– Eg var sliten etter femteskotet, men klarte å halde fokus. Det var eit skot som small dårleg, men eg er tilfreds med dette, sa Sannvoll til NRK like etter at han var ferdig med sin serie.

Sannvoll vart tidenes yngste skyttarkonge da han vann som 18-åringen i 2002. Til ostlendingen.no seier han at det truleg vil bli vanskeleg å kjempe om kongetittelen i år, men at han har håp om å kunne kjempe om å bli skyttarprins.

Skreiv skyttarhistorie

Men det var ein annan skyttar som skapte overskriftene. Knut Jørgen Brodahl frå Fana vart den andre i historia som har skote 249 poeng under Landsskytterstevnet.

Han ligg dermed på skive 1 når skyttarkongen skal kårast i morgon.

Kongelaget 2010

Kongelaget 2010

Skyttarlag

Poengsum

1. Knut Jørgen Brodahl

Fana

249

2. Odd Arne Brekne

Lyngdal

247

3. Anders Kruhaug

Bjerkvik

247

4. Terje Nisja

Sunndal

247

5. Kristoffer Sannvoll

Åsnes

246

6. Knut Einar Bråthen

Kongsberg

246

7. Tore Veie

Rissa

246

8. Tove I. Hansen

Reim/Hemne

246

9. Kjell Arild Kleivkås

Søgne

246

10. Stian Bogar

Hovet og Hol

246

11. Eileen Torp

Rakkestad

246

12. Carl Ove Glahus

Ørlendingen

245

13. Marius Hagfors

Austerbygda

245

14. Marianne Stigen

Leikanger

245

15. Trond Bergan

Jondalen

245

Ekspander/minimer faktaboks