NRK Meny
Normal

Sålar av kurumpe

Den som kjenner gamle husflidsteknikkar, kan laga seg bruksting av mange slag. Da kan også kurumper koma til nytte.

Kari Sørlien kardar håra
Foto: Arvid Torsgard / NRK

Ei av dei som kjenner tradisjonelle teknikkar, er Kari Sørlien i Lismarka. Ho lagar skosåler av kurumper.

Prosessen startar med at ho klipper av dusken nederst på rumpa. Dette foredlar ho vidare i kokvarmt vatn og med hjelp av vaskebrett.

Nå blir skiten som måtte hange fast i håra, skylt ut.

Såler av kurumpe
Foto: Arvid Torsgard / NRK

Det er ikkje snøgt gjort å få ferdig eit par såler. Siste del av prosessen er å sy sålen saman. Og det kan ikkje vera rart til timebetaling for Kari Sørlien. For sålane sel ho for hundre kroner paret.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND