Av:
Tone Merete Tho
Mannskap frå politi og Røde Kors leitte i nær eit halvt døgn etter ein 72 år gammal mann i Kolbu på Toten.
Mannen vart meldt sakna i eitt-tida natt til torsdag, og forsvann frå heimen sin seint onsdag kveld.
72-åringen har nå kome til rette og skal vera i god form.
Rundt 50 personar frå Røde Kors og eit politihelikopter leitte etter mannen.