Torill Aasegg og dei andre i Rusten & Aaseggs kvintett er den einaste lokale gammaldansgruppa som går vidare til semifinale i Kappspell på NRK 1.
Rusten & Aaseggs kvintett frå Heidal er det einaste av dei lokale gammaldansorkestra som går vidare til dei tv-sendte semifinalane i Kappspell.
I tillegg gjekk lillehamringen Andreas Skeie Ljones og Tove Hagen frå Rendalen i gruppa Majorstuen frå Oslo vidare. Dei måtte takke nei til finaleplassen fordi det kolliderte med eit anna speleoppdrag.
På NRK 1 seinare i år
14 gammaldansorkester frå Hedmark og Oppland deltok i dei innleiande rundane i Kappspell. Det var 48 påmeldte grupper totalt, og altså berre ei som gjekk vidare til semifinale.
Kappspell blir sendt på NRK 1 seinare i år, og det er lagt opp til tre semifinalar med tre gammaldansorkester kvar gong.
Det er tre år sidan sist Kappspell vart arrangert. Det er femte gong Kappspell blir sendt på NRK.
Tre semifinalar
Kappspell kan kanskje kallast eit uoffisielt NM i gammaldans, og førre runde i 1999 hadde oppimot 700.000 tv-sjåarar.
Dei tre semifinalane består i fyrste runde av Hallingdal kraftlag, Dalakopa og Separatistan. Deretter skal Rusten & Aaseggs kvintett konkurrere mot Brit Annes og P.A. Røstad jrs orkester med Einar Olav Larsen. I den siste seminfinalen skal Askerladden, Edgar Heringstads orkester og Ove Liff kvintett i ilden.
Det blir kåra tre seminfinalevinnarar som skal konkurrere om å vinne Kappspell 2003.
Lokale orkester
Dei øvrige deltakarane vart rangert etter dei innleiande rundane, og dei lokale gammaldansgruppene oppnådde desse resultata:
11. plass Kolden & co, Skjåk
13. plass Grindstuen & Midtlis orkester, Sel
15. plass Over Stok og Steen, Hamar
15. plass Kniktlaget, Gausdal/Øyer/Sør-Fron
19. plass Ramstadstråndingein, Skjåk
21. plass Kjell Fyruns orkester, Lom
24. plass Jutullaget, Vågå
25. plass Bjørn Turtums Gammeldansorkester, Lom
26. plass Ovrums kvintett, Sør-Fron
30. plass Farmens orkester, Vang i Hedmark
31. plass Ottadalssekstetten, Otta/Oslo
43. plass Fiin Gammel Aargang, Lom
47. plass Pål Hennings gammeldansorkester, Vinstra