Storinnrykket er venta i åtte-ni-tida fredag kveld.
Da skal fleire tusen russ ha benka seg til på Birkebeinerstadion i Lillehammer.
Regn
Landstreffet for russen blir arrangert for 13. gong i år.
Med kraftig regnvær fredag ettermiddag kan det sjå ut til at heile russetreffet blir ein gedigen gjørmefest. Men det legg neppe nokon dempar på feststemninga.
Store artistar
For dei som ikkje har kjøpt billett på førehand, kostar det 700 kroner å koma innanfor portane.
Big Bang
Russen får da oppleva artistane Gåte, CC Cowboys og Amund Maarud Band. I tillegg kjem Big Bang, De Lillos og dei lokale heltane Jaa9 og OnklP.