Hopp til innhold

Rune Øygard vil halde pressekonferanse 7. november

Den overgrepssikta ordføraren i Vågå, Rune Øygard, forlengjer sjukmeldinga, og vil ikkje gå inn att i rolla som ordførar med det fyrste. Han skal i staden ha andre oppgåver i kommunen, og varslar ei pressekonferanse 7. november.

Rune Øygard

Rune Øygard er sikta for overgrep mot ei mindreårig jente. Nå blir sjukmeldinga hans forlenga.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Øygard er sikta for seksuell omgang med ei mindreårig jente, men nektar for dette.

Han har ikkje jobba som ordførar etter at skuldingane kom fram. Årsaka er at han i slutten av september vart sendt til sjukehus med eit akutt gallesteinsanfall. Han var sjukmeldt fram til måndag 31. oktober, men denne blir nå delvis forlenga.

– På grunn av skuldingane mot han og belastningane det har medført har det teke lengre tid enn forventa å bli frisk. Framleis er han ikkje i stand til å kome attende i arbeid som ordførar, seier hans advokat Mette Yvonne Larsen i ei pressemelding.

Vil gjere greie for sin situasjon

Larsen seier til NRK at Øygard startar så smått å jobbe neste veke, og vil vere attende på kontoret 7. november.

– Da vil han halde ei pressekonferanse der han kort vil gjere greie for sin situasjon.

Øygard har gjennom sin advokat heile vegen gjeve uttrykk for at han vil kome attende som ordførar så fort han er frisk att. Dette er mellom anna opposisjonen i Vågå skeptiske til, og har forlangt at han må ta permisjon fram til etterforskinga er ferdig.

– Lite empatisk

Øygard vil nå gå over i ei gradert sjukmelding, og vil ikkje fungere som ordførar så lenge denne gjeld. Han skal i staden utføre andre oppgåver i kommunen.

– Kva oppgåver han skal ha skal avklarast saman med rådmannen, men det er særleg knytt til næringsverksemd og forhold han har jobba med i si karriere som ordførar tidlegare.

Jenta sin bistandsadvokat, Nina Braathen Hjortdal reagerer på at Øygard nå vil kome attende i arbeid.

– Han tek lite omsyn til den fornærma i saka, og det heile er lite empatisk, seier Hjortdal til VG Nett.

– Varaordføraren styrer ei god stund

Det er varaordførar Iselin Jonassen som vil fungere som ordførar så lenge Øygard er sjukmeldt.

– Øygard går over i ei gradert sjukmelding neste veke. Det betyr at han vil jobbe ein liten prosentdel i starten, så vil det i samråd med legen bli avklart kor lenge dette vil vare. Varaordføraren er innstilt på å fungere ei god periode framover, seier Larsen.

I pressemeldinga kjem det likevel fram at Rune Øygard ynskjer å kome attende som ordførar så raskt helsa tillet det.

Flere saker fra Innlandet