Nyleg offentleggjorde bladet Kapital ei liste over dei 400 rikaste personane i Norge.
Øvst på lista tronar skipsreiar John Fredriksen, som kan notere seg nesten 23 millardar kroner. Den rikaste mannen i Innlandet kjem litt lenger ned på lista, men Kjaran Aas frå Redalen i Gjøvik er god for heile 450 millionar kroner.
Bygardar
- Eg er rafossing og skil meg vel ikkje frå andre, seier den sindige rikingen. Som siviløkonom har han hatt ei naturleg karriere, og det var da han vart finansdirektør i eit rederi at pengane verkeleg byrja strøyme inn.
- Eg tente så godt at eg måtte ha noko å bruke pengane på, fortel Kjartan Aas. Dermed byrja han investere i bygardar i hovudstaden.
- Eg tykte det var så billeg fyrst på nittitalet, at eg berre måtte kjøpe, smiler han. Blant anna fekk han åtte leilegheiter i Oslo for ein million kroner. Dei er verdt 15-18 millionar kroner i dag.
Nå eig Kjartan Aas 312 leilegheiter i Oslo sentrum.
- Det har balla på seg, ler han.
- Tener vanvittig bra
Kjartan Aas ante ikkje at eigedomsmarknaden ville bli så lønsam, og det var tilfeldig at han kjøpte akkurat leilegheiter.
- Banksjefen lurte på kva i all verda eg skulle med bygardane, som har vist seg å bli svært så lønsame.
Kapital meiner Aas sit på 450 millionar kroner, noko han sjølv seier stemmer ganske bra.
- Eg tener vanvittig mykje, rett og slett, innrømmer han.
- Det blir vel rundt 25 millionar kroner i året, men eg har ikkje noko å bruke pengane på, fortel han.
- Eg har det eg treng og er godt fornøgd, og kanskje litt for lite kreativ, sidan eg ikkje finn på noko meir å investere i.
Glad og fornøgd
- Eg veit ikkje om eg kan seie at eg er lykkelegare enn før eg vart rik, men eg er svært godt fornøgd, seier Aas.
- Men å sleppe å uroe seg for at pengane skal strekke til er godt, legg han til. Og han er litt overraska over kor greit det gjekk å legge seg opp ei stor formue.
- Men eigedomsmarknaden kan jo snu, og da er det ikkje så rosenraudt lenger, smilar Kjartan Aas.