Hopp til innhold

Rettsleg krig om barna

Stadig fleire barnefordelingssaker hamnar i retten. Det kan vere skadeleg for barna, meiner barnevernsleiar.

Rettsal
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

I 2004 vart det innført ein ny lov som gjer det betydeleg enklare å ta slike saker til retten. Etter dette har rettssalane i landet opplevd ein eksplosjon av barnefordelingssaker.

Frå 2001 til 2006 vart det ifølgje Barne- og familiedepartementet 50 prosent fleire slike saker som kom til rettssystemet, og brorparten av den auka har skjedd etter at den nye lova vart innført.

- Fokuserer på konflikten

Ein av dei som merkar pågangen frå kranglande foreldre er sorenskrivar Elling Follestad i Toten tingrett. Der har det vore over 20 slike saker så langt i år og 30 kvart år dei to siste åra.

Follestad stiller spørsmålsteikn ved måten foreldra tenkjer på i mange av desse sakene.

- Ofte høyrer vi at foreldra fyrst og fremst fokuserer på konflikten med den tidlegare sambuaren og lite på kva som eigentleg er best for barna, seier han.

Mange av sakene går over fleire år og advokatar på begge sider brukar sterk skyts for å fremje klienten sin sak.

- Ofte blir dette gjort ved å poengtere kor umogleg motparten er. Når det kjem så langt at det blir ein rettsak føler folk at alvoret er der, og da går ein ofte i skyttargravene, seier Follestad.

- Barn tek skade

Barnefordelingssakene går til tider også så langt at barnevernet kjem inn i biletet. Leiar i barnevernstenesta i Stange, Frode Guhldal seier dei fleire gonger har grepe inn i saker der barn har opplevd langvarige rettslege kampar mellom foreldra.

- Dei fleste av meldingane vi får dreier seg om saker som har gått gjentekne gonger i rettsapparatet der barna blir ståande i ein kronisk og konfliktfull situasjon gjennom fleire år. Det er klart barna tek skade av det, seier Guhldal.

Det same fortel Atle Granberg ved ungdomsbasen i Lillehammer.

- Du kan jo tenkje deg at to menneske du er glad i plutseleg sluttar å vere glad i kvarandre. Samtidig blir dei fiendar, og du tenkjer at det kanskje er på grunn av deg. Det er klart det er vanskeleg når du er 11 år, seier Granberg.

Guhldal seier at barna ofte blir ein brikke som foreldra brukar mellom seg, og at barnas beste ikkje alltid blir sett i hovudsetet. Og det er ikkje alltid slik at ein dom løyser alle problema.

- Det er ikkje nødvendigvis slik at ein dom roar situasjonen, og ofte fortset konfliktnivået å vere høgt, seier Guhldal.

Flere saker fra Innlandet