NRK Meny
Normal

Rett til topps på iTunes

Håkon Skaugs Årkezter toppar salgslistene på iTunes. Det var ikkje heilt som venta.

Håkon Skaugs Årkezter

Ungkaren Håkon Skaug har toppa iTunes med 'Rist på huggu'.

Foto: Jon Olav Andersen / Totens Blad

Urbane totninger

Urbane Totninger i full utkledning.

Foto: Erlend Kester Moe

Håkon Skaug frå Kraby gjer kjempesuksess med "Håkon Skaugs Årkezter" som er ein del av Urbane Totninger. Etter at dei la ut låta "Rist på Huggu" på iTunes, så har det blitt den mestselgjande låta i Noreg.

– Det er jo mange som seier at det er så vanskeleg med musikk, men det viste seg det ikkje var så vanskeleg. Når eg fekk lagt ut alle tinga i dag, så var det rett til topps, ler Håkon Skaug.

Ungkaren er stolt av låta og skjønar godt at låta gjekk til topps.

– For folk som er veldig glad i å danse swing, så er det klart at dette er ei låt som går rett i beina, for det er jo skikkeleg bra swingtakt på den, seier Skaug.

– Det er er jo nesten "Walk of Life" med Dire Straits, og då er det klart ein får lyst å ha den på anlegget sitt.


Stolt mamma og damer i kø

Skaug er ungkar, og då betyr det kanskje enno meir at mor støttar opp om popstjerna.

– Mamma er frykteleg stolt, det er sjelden eg har sett ho så stolt! Når eg har komme med karakterbøker så har ikkje det vore i nærleiken, seier musikaren muntert.

Damer kan det kan kanskje bli fleire av, no som han har blitt popstjerne.

– Det er det som gjenstår å sjå no då, men det er iallfall nokre med i ein musikkvideo som kjem snart, så eg reknar med det blir kø no med friarar, seier Skaug.

Eigentleg ei tullegruppe

Urbane Totninger

Urbane Totninger står bak Håkon Skaugs Årkezter.

Foto: Elin Fossum / NRK

Paul Håvard Østby er mannen og kroppen bak Håkon Skaug. I motsetning til Skaug er han ein roleg trebarnsfar og Birkebeiner-entusiast. Håkon Skaug Orkester stammar eigentleg frå Urbane Totninger som er regjerande meistrar i sommarshow. Østby var ikkje like sikker som Skaug på at songen skulle bli ein hit.

– Nei, at det skulle gå heilt til topps hadde eg ikkje venta, men eg trudde den kanskje skulle selgje litt, fortel Østby.

– Det er jo folk som har vore med og sett Urbane Totninger og slikt så det var nok artig å få ein liten gjenhør, men at den skulle gå heilt til topps første dagen hadde eg ikkje sett for meg!


Farsott på nettet

Bondesonen frå Eina har tidlegare gått ingeniør- og lærarutdanning, men forkasta denne og vart komikar på heiltid. Han er både produsent, tekstforfatter, og skodespelar. Han har vore på turne med Dagfinn Lyngbø, Riksteatret og Bye og Rønning, og no toppar han altså itunes.

– Eg anar ikkje kor mykje som skal til for at ein song kjem til topps på iTunes, men eg tvilar på at det er berre totningar som har kjøpt songen, seier Østby.

– Eg har sett det har gått som ein farsott med folk som har anbefalt den vidare, så det er bra.

– Den har ordentleg sommerhit-potensiale, for det er ein song som sett seg irriterande på hjernen, og det er vel det sommerlåtar skal, legg han til.

Sjå Folk-innslaget om Urbane Totninger:

Norsk underholdningsdokumentar. Ida Marie Ringerud og showgruppa Urbane Totninger har hvert år sommershow på Toten. Vi skal se hva de gjorde i år for å få 20 000 mennesker til å le.

Hvordan få 20 tusen totninger til å le

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang