NRK Meny
Normal

Rekordstort sigarettbeslag

Tollvesenet i Kongsvinger har beslaglagt 340 000 sigarettar i helga. Det er det største i Norge hittil i år.

Sigarettbeslag februar 2009

Sigarettbeslag i Kongsvinger

Foto: Tollvesenet

Rekordbeslag

Laurdag ved 12-tida stoppa Tollvesenet ein campingbil med tilhengjar på Magnormoen, fortel kontorsjef Morten Nystuen. Dei fekk straks mistanke om at det var noko som ikkje stemte. Da tollarane undersøkte køyretøyet grundigare, oppdaga dei raskt at tilhengjaren hadde dobbelt botn og dobblet tak.

Der var det 110 000 sigarettar av merket Marlboro og L&M. I lasterommet på campingbilen var det også montert ein ekstra vegg, og bak denne veggen skjulte det seg 230 000 sigarettar til av merket L&M. Til saman var beslaget på 340 000 sigarettar.

- Dette er det største sigarettbeslaget Tollvesenet har gjort her i landet hittil i år, opplyser Nystuen. - Det utgjer 900 000 kroner i unndratte avgifter til statskassa.

Nystuen meiner beslaget viser kor viktig det er at tollarane er til stades ved grenseovergangane.

Sigarettbeslag kongsvinger 2009
Foto: Tollvesenet

Skulle køyre cross

Dei tre latviarane som var med i bilen, forklarte at dei skulle til ein kamerat i Kristiansand for å køyre cross. Dei hadde med seg to cross motorsyklar og ein firehjuls motorsykkel. Også desse køyretøya vart beslaglagt.

Dei tre latviarane, som er i 20- og 30-årsalderen, vart overlevert til Kongsvinger politistasjon.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang