Det rekordstore overskotet betyr at dei fem eigarkommunane vil få et utbytte på 6,8 millionar kroner kvar.
Totalt blir utbyttet i år på bortimot 35 millionar kroner til dei fem eigarkommunane Vågå, Lesja, Dovre og Sel, dersom generalforsamlinga i juni følgjer vedtektene om å utbetale to tredelar av overskottet i utbytte.
Overraskande overskot
Styreformann og Dovre-ordførar Erland Løkken seier det store overskotet er overraskande og gledeleg.
- Det er viktig for eigarane at vi har eit verdifullt selskap som kan gje oss eit utbytte, seier Løkken.
Det rekordstore overskottet kom uventa på eigarane ettersom kraftselskapet har hatt store investeringar i fjor.
Uaktuelt å selja
- Det er eit viktig bidrag til å oppretthalde det sørvisnivået vi har i alle dei fem kommunane, meiner Løkken.
Sel kommune foreslo sal av Eidefoss-aksjane for nokre år sidan, men nå har pipa fått ein annan låt.
Sel-ordførar Dag Erik Pryhn seier uaktuelt å selja aksjar i Eidefoss i dag, men han meiner diskusjonen for 5 - 6 år sia iallfall førte til ein betre utbyttepolitikk i selskapet.