
(Foto: Gorm Kallestad/Scanpix)
Det er om lag 600 fleire søkjarar i år enn tidlegare.
Likevel får nesten 90 prosent av søkjarane oppfylt sitt fyrsteønskje.
Større ungdomskull
Søkjarane må svare på om dei tek imot skuleplassen eller om dei fortsatt vil stå på venteliste innan fredag 15. juli.
Totalt 5839 søkjarar til vidaregåande skular i Oppland får i desse dagar tilbod om skuleplass for neste skuleår. I 2003 og 2004 var tala 5237 og 5562.
Auken i talet på inntatte i 1. inntak skuldast at ungdomskulla aukar, samstundes som ventelistene blir redusert.
To grunnar til kortare ventelister
Det er to hovudgrunnar til at ventelistene er kortare sjølv om ungdomskullet aukar.
Det eine er at dei vidaregåande skulane strekker seg langt for å tilby skuleplasser i det nye fleksible systemet for dimensjonering og finansiering.
Det andre er meir søking til studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, der det har vore ledig kapasitet.
Fleire vil gå allmennfag
For nå er trenden at stadig fleire ungdommar i Oppland søker seg til allmennfag.
Før var det en stor overvekt av ungdom som søkte seg til yrkesfag, men nå har trenden snudd.
43 prosent av ungdommane i Oppland vel nå allmennfaglege linjer, mens talet for to år sidan var 36 prosent.