966 nyetableringer er mykje, sett i forhold til talet for fjoråret. Då vart det etablert 1645 verksemder i innlandet, viser tal frå Creditinform utarbeida for avisa Nationen.
- Gledeleg for næringslivet
Regiondirektør i NHO Innlandet, Jon Retzius, gler seg over dei gode tala.
Han trur årsaka til etableringsrekorden er enkel.
- Eg trur det er eit resultat etter at det i eit par år no har vore meir optimisme for dei som vil prøve seg. Alt har vore lagt til rette for det, via ein låg, stabil kronekurs og ei låg rente, seier Retzius.
Mykje drahjelp
Dette gjer at nyetablerarar tør å prøve seg fram.
- Det at vi har næringshagar, næringsparkar og ikkje minst Innovasjon Norge som legg til rette betyr mykje. Men aller mest skuldast nok dette dei gründarane som no vil satse på nye forretningsidear, seier Retzius.