Jørn Hilme-stemnet er den største festivalen for norsk folkemusikk.
To av høgdepunkta på Jørn Hilme-stemnet var urframføringa av bestillingsverket "Rispo".
Ei rispe tyder ei god historie og her vart det sydd saman med bilde, lyd og ord og danseframsyninga Meistermøy.
Også Strunkeveko i Valdres, som vart avslutta torsdag, og er eit sommarkurs i folkemusikk for barn og unge hadde godt besøk.
Resultater
Fleire lokale spelemenn og dansarar gjorde det bra.
Leif Inge Schjølberg frå Vågå spel- og dansarlag vann spel fele klasse A.
Dans hardingfele klasse A vart vunne Ellen Persvold og Knut Aastad Bråten frå Vårflaumen spel- og dansarlag
Kjellbjørn Karsrud, Vårflaumen spel- og dansarlag vann spel hardingfele klasse C.
I langeleik solo, yngste klasse vann Marita Søndrol Silberg frå Vårflaumen spel- og dansarlag.
Mens langeleik solo, eldste klasse vart vunne av Knut Aastad Bråten Vårflaumen spel- og dansarlag.
Vokal folkemusikk klasse A vart vunne av Camilla Granlien frå Ringebu.
Johanna Fuglesteg, Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag, vann vokal folkemusikk klasse B.
I vokal folkemusikk klasse C vann Eirik Lohne Rognve Osterøy spel- og dansarlag.
Lausdans klasse B vart vunne av Hallgrim Hansegård Øystre Slidre spel- og dansarlag.
Mens Bendik Melbye Brenna frå Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag vann lausdans klasse C.
Bygdedansspel, yngste klasse vart vunne av Jogrim Søyland frå Vårflaumen spel- og dansarlag .
Helge Myrheim frå Øystre Slidre spel- og dansarlag vann Spel, tambur, bukkehorn og lur.
Gjesteklasse, spel; Helena Wright, Gjøvik spelmannslag.