Hopp til innhold

Turistlandet Noreg: – Som å bu i himmelen

Valutakursen, sikkerheita og moglegheita til å oppleva både natur og kultur gjer at enda fleire turistar ser mot Noreg. Maihaugen på Lillehammer er av dei som merkar turistveksten.

Maiahugen har ein vekst i besøkstala

Både natur og kultur trekkjer utanlandske turistar til Noreg. Maihaugen på Lillehammer er av dei som merkar den auka interessa.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

– Det er interessant å besøke Maihaugen og sjå korleis folk levde før, fortel Nara Hesman, som saman med eit reisefylgje på rundt 20 personar, har teke turen til Noreg frå Israel.

Israelarane skryt av naturen, utsikta, været og trivelege nordmenn.

– Alt er så fint her, det er som å bu i himmelen, det er inntrykket, fortel Hesman.

Går mot rekordår

Men det er ikkje berre israelarane som har latt seg freista av Noreg. I fjor hadde kommersielle overnattingsstadar 33 millionar gjestedøgn. Nesten 10 millionar av dei var det utanlandske gjestar som stod for. Og delen utanlandske gjestedøgn auka med 10 prosent samanlikna med året før.

Ruth Tomter

FLEIRE GJESTAR: Ruth Tomter har arbeida 11 sesongar på Postmuseet på Maihaugen. Ho ser at fleire veljar museet. – Det er ein jamn straum heile dagen her altså.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

No kan det gå mot nok eit rekordår for reiselivsnæringa. Ifylgje Innovasjon Norge sitt turistbarometer trur utanlandske turoperatørar og norske reiselivsrepresentantar på at enda fleire tek turen til Noreg i år.

Fleire frå Asia

Maihaugen på Lillehammer er av dei som allereie nå ser at det går mot eit nytt rekordår. I midten av juli har dei 4000 fleire besøkande enn same periode i fjor.

Trude Arnesen er Avdelingsleiar ved Stiftelsen Lillehammer museum, som blant anna Maihaugen ligg under. Ho er svært positiv til vidare vekst.

Trude Arnesen

GJESTAR FRÅ ASIA: Trude Arnesen ved Lillehammer Museum, Maihaugen, seier at enno fleire enn tidlegare kjem for å besøke dei. Det er blant anna vekst blant asiatiske turistar.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi ser vi ein god innbooking på utanlandske turistar som kjem i grupper. I tillegg er det alltid spennande å sjå om nordmenn er på farta, og det ser slik ut, seier ho.

I tillegg kjem det nye grupper til Lillehammer.

– Vi ser at vi har meir med Asia å gjere. Vi ser spennande nye gjester frå India og Kuwait. Det er veldig artig, konstaterer Arnesen.

Turistane vil reise trygt

Forklaringa på veksten er valutakursar, tryggleik og kombinasjonen av natur og kultur.

Noreg har vorte trendy, for nordmenn men òg for utlendingar, fortel dagleg leiar for Visit Lillehammer, Ove Gjesdal.

Ove Gjesdal i Visit Lillehammer

STRAUMAR TIL: Ifylgje Ove Gjesdal i Visit Lillehammer er juli no den månaden flest turistar kjem til distriktet.

Foto: Thor Henning Lerstad / NRK

Medan innlandet tidlegare har hengt etter veksten i reiselivet ellers i landet, er dei no, ifylgje Gjesdal, definitivt ein del av veksten.

Og vinterdestinasjonen Lillehammer har aller flest besøkande midt på sommaren.

– Rundt kvar femte gjest kjem no i juli, fortel Gjesdal.