NRK Meny
Normal

Reinheimen nasjonalpark opna

300 personar møtte fram på Billingen i Skjåk da Reinheimen nasjonalpark vart offisielt opna laurdag formiddag.

Opning av Reinheimen
Foto: Ivar Ødegaard

Reinheimen
Foto: Arvid Torsgard / NRK

Ikkje berre bygdefolk, men også folk frå nabobygder i Nord-Gudbrandsdalen og frå Møre og Romsdal var til stades.

Seinare på dagen skal opninga markerast i Lesja, før feststafetten held fram i Møre og Romsdal.

Dermed har Noreg fått sin 33. nasjonalpark. Reinheimen er større enn Vestfold fylke i utstrekning, og ligg innafor dei fire norddalskommunane Skjåk, Lom, Vågå og Lesja, og dessutan to kommunar i Møre og Romsdal

Miljøvernminsteren på plass

Miljøvernminster opnar Reinheimen
Foto: Ivar Ødegaard

Av dei som var på plass ved opninga, var miljøvernminister Helen Bjørnøy. Ho avduka ein plakett, som seinare skal flyttast og plasserast inne i nasjonalparken. Tilsvarande plakett blir gjeve til alle kommunar som har areal i Reinheimen nasjonalpark.

Også biskop Solveig Fiske, fylkesmann Kristin Hille Valla og Skjåkordførar Ola Stensgård deltok på markeringa.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Avviser sykehus-søksmål

    Hedmarken tingrett har avvist Sykehuset Innlandets søksmål mot røntgenleverandøren Unilab fordi saken er foreldet. Sykehuset mente Unilab burde betale boten sykehuset fikk etter at en pasient døde, skriver HA.

  • Lokale spillere i Europaligaen

    Både Vegar Eggen Hedenstad fra Elverum og Anders Trondsen fra Lillehammer er med fra start når Rosenborg møter Zenit i Europaligaen fra klokka 19. Følg kampen her.

  • – Respektløs takling

    L.I.K.-trener Mikael Kvarnström sier alle spillere gjør feil, men at taklingen av Emil Nyhus i gårsdagens kamp mot Stavanger var «litt respektløs». Nyhus ble sendt på sykehus med alvorlig hjernerystelse. Han sier det blir opp til disiplinærutvalget å vurdere saken videre.

    Mikael Kvarnström
    Foto: Alexander Nordby / NRK