Hopp til innhold

E6 opna igjen etter uvêr

E6 gjennom Gudbrandsdalen var stengd i fleire timar mellom Kvam og Frya på grunn av store nedbørsmengder. I Sogn og Fjordane har bruer kollapsa og folk har måtta evakuere.

E6 åpna igjen

OPNA: I tolvtida opna E6 igjen etter å ha vore stengt på grunn av store mengder vatn.

Foto: Line Fosser Vogt / NRK

Saka oppdaterast fortlaupande.

Både på aust- og vestsida av fjellområda i Sør-Norge blir det meld om at nedbøren natt til måndag har skapt store vanskar.

Både E39 ved Hornindalsvatnet og E6 gjennom Gudbrandsdalen var stengt.

Har du bilete eller video av det dramatiske vêret i Sør-Norge? Ta kontakt med NRK på 03030, send oss ein e-post eller send ein mms med kodeord ho til 1987.

Sjå video her:

E6 var stengt i en periode i formiddag, på grunn av vannmassene

Var redd demninga skal breste

Dei store nedbørsmengdene førte til at ein bekk tok ein lokalveg på Harpefoss i Sør-Fron. Det skapa ei demning i lia over E6. Fleire gravemaskiner arbeidde på spreng for at demninga ikkje skulle breste og flaume over europavegen.

– Tre gravemaskinar er i arbeid på staden for å halde situasjonen i sjakk. Og fagfolk er på veg for å gjere ei vurdering av korleis det kan løysast, sa Øystein Skotte, pressevakt i Statens vegvesen, ved 9-tida, måndag.

Kvart over 12 var E6 opna igjen.

E6 stengt

STENGT: Nye E6 er stengt og det er omkøyring via gamle E6 mellom Kvam og Frya.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / NRK

70 millimeter nedbør

Nedbøren skapa òg problem for kommunale vegar og fylkesvegar i Oppland. Driftsoperatør i Sør-Fron kommune, Tom Erik Amundsen, seier til NRK at det har vore ei hard natt.

– Det har kome 70 millimeter med nedbør, og det har gått ut over hardt ut over kommunale vegar og fylkesvegar.

– Kva gjer de vidare no?

– No går det berre ut på å berge det som bergast kan. 4–5 gravemaskiner som jobbar på spreng og grave over vegar for å få vatnet vekk, sa han i dag tidleg.

Laster Twitter-innhold

Bruer kollapsar og folk må evakuere

I Sogn og Fjordane har regnvêret ført til store øydeleggingar lokalt.

I Utvik er fleire hus fylde med vatn. Fleire bygningar, blant anna ei garasje, har blitt skylt på fjorden og no har elva øydelagt brua og fylkesveg 60 er stengt.

– Det eg veit er at garasjen til ein nabo har blitt tatt av vassmassane, og eit naust har reist på fjorden. Vi har fått ut folka frå nabohuset, og det står enno. Men det står rett ved elva og er i faresona, seier Wenche Bruland.

Flaum Breim

ELVER OVER ALT: På Breim kjempar innbyggjarane med å berge husa sine mot dei kraftige vassmassane.

Foto: Runar Sandnes

Det vart òg ein dramatisk start på dagen for Kjell Risholm. Han vakna av at elva hadde tatt veg gjennom hagen hans. No er garasjen tømt, bilar er kasta rundt og fleire vegar er stengt.

– Det er eit nytt landskap rundt hos her no, og den fine hagen har nok slått følge med elva nedover, seier Kjell Risholm, som vart evakuert i dag tidleg.

Hagelbygar og øydelagt fjellveg

I Alvdal kom uvêret med lyn, tore og hagl søndag ettermiddag. Tronfjellveien, Norges nest høgste bilveg, opp til Tronfjell i Alvdal, har fått store skader med hol som er fleire meter djupe.

– Vegen er grove ut. Digre steinar har rulla av garde. Det er ikkje igjen ein meter med skikkeleg veg opp mot toppen, seier Jarle Tronslien.

Tronfjellveien er ein turistattraksjon og det vil koste mykje tid og pengar å få vegen i stand igjen, ifølge Tronslien.

Jobber på spreng for å halde varnet frå E6

JOBBAR PÅ SPRENG: Fleire gravemaskiner arbeider for å redde vegar i Gudbrandsdalen, blant anna E6 i Sør-Fron.

Foto: Arne Sørenes / NRK