Det kan bli billegare vatn- og kloakkavgift for privatpersonar som bur i Sel kommune. Til kommunestyremøtet onsdag, foreslår administrasjonen eit nytt system der privatbustader vil få lågare avgift enn i dag.
Men avgiftsystemet blir todelt, og bedrifter og storbrukarar kjem til å få auka vatn- og kloakkavgifter dersom dette forslaget blir vedtatt.
Sel kommune vil i såfall innføre eit todelt avgiftssystem med ein fast del og ein forbruksdel. Dette er resultat av eit samarbeid mellom meir enn 250 kommuner. Føresegna skal gjelde frå 1. januar.