Regionvegsjef Sidsel Sandelien set inn fleire tiltak for å få ned ulykkestalet.
Blant tiltaka Statens Vegvesen la fram i dag er redusert fart på ei 12 kilometer lange strekning på Hadeland, mellom Stryken og Grua.
Der blir fartsgrensa sett ned frå 90 til 80 kilometer i timen. Regionvegsjef Sidsel Sandelien seier dei må gjera dette på grunn av de mange ulykkene på strekninga.
Veglys frå Kolomoen til Øyer
- Dersom ulykka fyrst skjer, er det ein fordel å kjøre langsamare. Det er farten som avgjer kor alvorleg ei ulykke er, seier Sandelien.
Distriktsvegsjef Arild Evensen i Vestoppland har lite "frie" midlar til disposisjon i år.
I tillegg skal Statens Vegvesen bruke ti millionar kroner på å setja opp veglys på strekninga mellom Biri og Vingrom. Dermed er heile strekninga frå Kolomoen i sør til Øyer i nord dekt opp av veglys.
Sandelien meiner det er viktige tiltak, fordi mange ulykker har skjedd i mørket.
- Eg reknar med 30 prosent reduksjon av dei ulykkene når veglysa kjem, seier ho.
Lite "frie" pengar
Distriktsvegsjefen i Vestoppland, Arild Evensen, seier han har 390 millionar kroner til disposisjon til andre tiltak i år. Nesten alle pengane er øyremerka til ulike tiltak.
Dermed blir det kanskje det mange kallar sandpåstrøing- med ei rundkjøring her, og ei forbikjøringslomme der. Men Evensen seier dei eigentleg er bunde på hender og føter etter at politikarane har sagt sitt.
- Når vedtaka er gjort, har vi i eit distrikt som Vestoppland svært lite "frie" pengar. Det dreier seg berre om nokre få hundre tusen til strakstiltak på trafikktryggleik, seier Evensen.