NRK Meny

Redningsaksjon i Jotunheimen

Litt etter klokka 22 måndag kveld, meldte politiet om ein redningsaksjon av tre klatrarar som sat fast på austeggen av Slettmarkpiggen nord for bygdin i Jotunheimen. Alle tre er no redda ut av luftambulanse, fortel Arvid Røste ved Gudbrandsdal politidistrikt. Aksjonen vart sett i gang fordi ein av klatrarane hadde fått skuldra ut av ledd. Alle tre vart redda ut utan dramatikk.