Hopp til innhold

Redda ektepar i siste liten

Hilde Rebne blei dagens helt i går då ho redda to personar ut frå det som kunne blitt ein sikker tragedie.

Hilde Rebne frå Raufoss redda to personar ut frå bil som sto på togovergang.
Foto: PRIV

Hilde og sambuaren Lars satt tre meter unna planovergangen på Raufoss. Dei såg plutselig ein bil som stod mellom bommane, bom fast.

- Vi prøvde å få kontakt med dei i bilen og ropte at dei måtte komme seg ut for toget var jo på veg, men dei høyrde ikkje, seier Lars Håkonsen.

Kva syns du om innsatsen til Hilde? Si di meining lengre ned!

Dagens helt

Dermed tok Hilde Rebne frå Raufoss affære og redda dei to ut av bilen før toget trefte.

- Eg er ingen helt, eg gjorde berre det alle ville gjort i ein slik situasjon, seier Hilde Rebne.

Togulykke på Raufoss

Slik såg det ut etter at toget traff bilen til dei to. Takket være Hilde vart kun bilen utsatt for ulykka.

Kollisjonen mellom bilen og toget skjedde ved jernbaneovergangen sør for sentrum ved 17-tida torsdag.

- Vi fekk raudt på planovergangen på Raufoss og bommen starta å gå ned. Så er det ein bil som er på veg over som får stopp midt i jernbanesporet. Vi tek til å vinke fordi vi ser at bommen går ned, fortel sambuaren til redningskvinna.

Høyr resten av den dramatiske historia her: REDDA I SISTE LITEN

Kva syns du?