Hopp til innhold

Redda av mobiltelefon

Mannen i 20-åra som i går gjekk seg fast i Jotunheimen vart redda av mobiltelefon. Leitemannskapa i Alpin redningsgruppe beskriv aksjonen som krevjande. Hadde han ikkje sjølv gjort greie for kvar han var, ville det gått svært lang tid før han hadde vorte funne, seier Ulf Ryen og Dag Inge Bakke, som båe deltok i aksjonen.

Alpin redningsgruppe
Foto: Ulf Ryen / Alpin redningsgruppe

Flere saker fra Innlandet