F15-fly av denne typen skal ha flydd lågt under flytokter på veg mot skytefeltet på Hjerkinn.
Fjelloppsynsmann Odd Enget på Dovrefjell seier det er mange som har reagert på den låge flyginga over Dovrefjell.
60 meter over bakken
Enget fortel at fleire har sett rett inn i cockpiten til flygarane på flya.
- På ei seter har vi stått og sett rett inn, og det flyet har ikkje vore meir enn 60 meter over bakken. Det kom over eit vatn og vi stod då rundt 60 meter ovanfor det vatnet og såg piloten godt, seier Enget.
Fjelloppsynsmannen har prøvd fleire gonger å kome i kontakt med flyvåpenet for å få til nokre reglar for flyginga.
- Det har ikkje vore så lett for oss å kome i kontakt med dei, og ikkje har det vore lett å bli samde når vi har hatt kontakt, seier Enget.
Uroleg for vilt og buskap
- Vi må hugse på at dette er midt i området til villreinen. Frå før har vi bedt om at dei ikkje må flyge på vinterstid i kalvinga. Dette har gått greit, men no på sumaren kan flylyd med meir skape store problem for villreinen. Jo meir den blir uroa framfor vinteren, jo mindre krefter får den til å klare seg i det kalde klimaet, seier Enget.
Akkurat no har og turistsesongen starta i Dovrefjell-området. Mellom anna har mange gardbrukarar tatt med seg buskapen opp på setra, og desse er det rundt 30 av i området. Enget, som er oppsynsmann i eit område på rundt 600 kvadratkilometer, seier det er fleire døme på at lågtflygande fly har vore til bry.
- Vi har mellom anna fått melding om at flylyden har gjort at kalvar og kuer har brasa gjennom gjerdinger i nærleiken av setra. I tillegg har sauar og lam vore prega av flya som kjem lågt over bakken, seier Enget.
Fjelloppsynsmannen har fått melding om at flylyden har gjort at kalvar og kuer har brasa gjennom gjerdinger i nærleiken av setra.
- Beklager
Informasjonsrådgiver Halgeir Grøntvedt ved Ørlandet hovedflyplass på Ørlandet seier han ikkje kan gjere noko anna enn å be om orsaking.
- Viss dette er rett, så er det i strid med dei reglane som er set for pilotane. I rundt to veker har vi hatt vitjing av amerikanske soldatar som har vore her på øving. I samband med dette har dei brukt skytefeltet på Hjerkinn, seier Grøntvedt.
Han har forståing for at folk reagerar på flybruken.
- Vi skal og hugse at amerikanarane nyttar F15-fly. Dette har truleg ført til meir støy. No har vi fått melding om dette, og må innskjerpe retningslinene. Eg er sjølv gardbrukar og har stor sympati for at folk reagerar. Eg veit korleis dyr reagerar på flylyd og synes det er leit viss øvinga har skapt uro, seier Grøntvedt.